Reportasje
Kompelukke
VIKESÅ: Torsdagskomla står sterkt i Dalane. Mine et eg på Vikeså, laga av leiaren i Bjerkreim Bygdekvinnelag, med dott og kulturmjølk, og med rabarbragraut til dessert – alt som heime.
Sentrum i tettstaden Vikeså, som er administrasjonssenter i Bjerkreim kommune i Dalane. Ein Tine-tilhengjar står parkert attmed E39 gjennom bygda.
Ein torsdag morgon står eg på storkjøkenet i Bjerkreim omsorgssenter på Vikeså, der Ann Karin Hammer førebur komletorsdag. Når ho ikkje er kjøkensjef her, leier ho Bjerkreim Bygdekvinnelag, ei varm og frisk dame, opphavleg frå Meløy, nordlandskommunen mellom Svartisen og Norskehavet.
–?Du må smaka. Eg har laga nordlandslefse med sjokoladekrem. Lefseskikkane vekslar med landsdelane, fortel ho kring eit lite bord i den travle gangen.
Ho vil eigenleg by på kaffi i storstova, men der held bebuarane andakt.
–?Kvifor flytta du frå Nordland til Rogaland?
– Som ung tok eg hotellhøgskulen i Stavanger og arbeidde mange år i oljå, i kantina på Forus, men så vart det nedbemanning. Rett nok er eg restaurantkokkutdanna, men ein institusjonsjobb freista, borna var vaksne, og flytting høvde for mannen min òg. Då me kom til Vikeså i 2017, vart eg spurd om å vera med i bygdekvinnelaget. Eg tenkte: «Eg er ny her. Skal eg melda meg inn eller ut?» Og rauk rakt inn i styret. Som kokk og kjøkensjef kom eg jo med mykje kompetanse.
– Kompekompetanse?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.