Sport
Komplisert hands
Hands kan få dramatiske følgjer. Fredrikstads keeper Per Mosgaard vil ikkje sjå straffesparket teke av lagkameraten i NM mot Lyn i 1966.
Foto: Ivar Aaserud / Aktuell / NTB
«Det var verg-hands!»
Livredd for å få ein knallhard ball i andletet, stoppa han fotballen med hendene. På banen er det full semje; det var verg-hands, og spelet på løkka kan gå vidare utan frispark.
Eg snakka med Språkrådet, omgrepet verg-hands, eller verje-hands, som far min seier, var ikkje kjent for dei. Men dette er altså den typen hands du tek når du er redd for at ballen skal drepe deg, og difor blir det ikkje frispark. I kroppsøving, og på lågare nivå, skjer verg-hands både titt og ofte.
Hands var ein gong ganske enkelt. Tok du på ballen med vilje, var det hands. Var det verg-hands, eller kom du borti ballen med handa utan vilje, gjekk spelet vidare. I verste fall var det Guds hand. No ropar både små og store på alle slags innvikla handsreglar, og skal ein verkeleg sette seg inn i kva som er hands, og kva som ikkje er hands, må ein gjennom minst ti slides frå fotballforbundet.
Den enklaste regelen er blitt til ein av dei mest avanserte. Dommaren blåser på alt, og det er nærast ein uting å ha armar innanfor 16-meteren.
Dersom ballen treffer armen i ei unaturleg stilling, er det hands. Skuldra tel ikkje, men kva er eigentleg skuldra? Ho startar i armhola. Ikkje så lett å sjå i gymtimen, lettare på VAR. Eit viktig poeng er også at handa som rører ballen, ikkje skal gi skåraren ein fordel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.