Reportasje

Konfirmasjonsgåva til far

Ho fekk valet mellom ei reise til europeiske mellomalderkatedralar med mor si eller ein tur til Grønland med far. Konfirmanten valde heldigvis det siste.

Flemming Lauritzen, 16-åringen og 15 ivrige grønlandske sledehundar på veg attende til Ilulissat.
Flemming Lauritzen, 16-åringen og 15 ivrige grønlandske sledehundar på veg attende til Ilulissat.
Publisert

Eg sit på ein hundeslede på vestkysten av Grønland. Framfor meg sit dotter mi på 16 år. Hundekøyrar Flemming svingar pisken, slik at dei 15 grønlandske trekkhundane skiftar retning. Me ser ut mot det største brefallet på den nordlege halvkula. Bakom ligg den evige innlandsisen. Det er lett å sitere Knud Rasmussen under slike tilhøve: «Giv mig vinter, giv mig hunde – så kan I beholde resten.»

«Til Grønland!?» Reaksjonen var den same då folk høyrde eg skulle ta med dotter mi på danningsreise hit. «Er det ho som vil det», var gjerne oppfølgingsspørsmålet, «eller er det fyrst og fremst faren som får draumereisa si?»

Eg må innrømme at eg vart litt svar skuldig. Eg var samstundes spent. Ville 16-åringen dele min fascinasjon for Grønland? Og ville ho halde ut ei veke saman med far sin på tur?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement