Dyr

Konglebiten – den fargerike vandraren frå nord

Hoer og ungfuglar av konglebit har gråare fjørdrakt, med gulgrøne felt.
Hoer og ungfuglar av konglebit har gråare fjørdrakt, med gulgrøne felt.
Publisert Sist oppdatert

Kvar enn ein ferdast i Søraust-Noreg, lyser det av raude perler på nakne tre: 2024 er eit rognebærår. Mange er dei som set pris denne næringskjelda – gråtrastar, sidensvansar, dompapar… Og så er det dei fargerike vandrarane frå nord, konglebitane. I gode rognebærår kan dei reise sørover i stort tal.

Då dei fyrste dukka opp i sørlege strok av Noreg i slutten av oktober, lurte feltornitologar på omfanget av vandringa. Skulle ein vente ein «invasjon», som det også heiter, i år? Slike kjem med nokre års mellomrom, og den førre var vinteren 2020–2021.

No verkar det klart at rørsla er stor i år. Men det inneber ikkje at alle forsøk på å møtast vert vellukka. To gonger drog eg for å sjå dei, og kvar gong var dei fråverande då eg kom fram. Det som ikkje mangla den eine gongen, var fotografar med teleskoplinser som såg seg rundt, og på mobilen, for å følgje med på kvar Nordens papegøyar hadde vorte sette i det aller siste. Sidan har bilete av desse fargerike vintervitjarane blømt på sosiale nettverk.

Eg har fått meldingar om at dei har vore på Grefsenkollen i Oslo denne novembermorgonen. Det er nær nok, eg reiser straks eg er ferdig på jobb. Oppe på kollen ligg den fyrste snøen slørtynt over bakken. Det er hòl i skydekket, men klokka er to, og det byrjar å mørkne. Brått høyrest mjuke lydar, noko som ligg mellom plystring og bjølleklang, nett slik konglebitar høyrest ut, men det er berre samspelet mellom tauet og metallet i eit flagg som vaiar på stonga.

Noko rører seg i djupet av eit stort rognetreholt. Kikkerten tek blikket dit: Her et ei lita gruppe med den næraste slektningen til konglebiten, dompapar. Så skjer noko på himmelen: Ein flokk med større finkefuglar flyg over åstoppen og forsvinn på den andre sida. Dei er dobbelt så store som dompapar og har ganske lang hale. Det er i neste runde eg finn dei der dei landa: tolv konglebitar i ein tretopp.

Dei har, som med vilje, sett seg på toppen av det høgaste ospetreet. Konglebitar er ikkje skye, sikkert av di dei hekkar langt frå folk og har vore lite utsette for vår vald. Den finske zoologen Erkki Pulliainen, som undersøkte ein bestand i Nordaust-Finland på 1970-talet, fortel at nokre rugande hoer lèt seg lyfte frå reiret utan å protestere, og det manglar ikkje på liknande forteljingar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement