Kunst

Kor unikt?

Historia om Tracey Emins «The Mother» er ikkje eineståande.

Publisert

Finst det andre reglar for kunstlivet enn for samfunnet elles? Er det slik at ting vi aldri ville godteke på den «ordinære» marknaden, er heilt greitt når det er tale om omsetjing av kunst til millionar?

Er det dessutan slik at dersom eit «unikt» og «stadspesifikt» kunstverk er skapt av ein kunstnar med eit «verdsnamn», er det ufint å spørje korleis det har seg at same verket, rett nok i annan storleik, alt fanst i fleire utgåver? Og er «reglane» slike at om kunstnaren berre er «stor» nok, treng ein ikkje spørje for inngåande om kvaliteten? Er eit kjent namn identisk med høg kvalitet?

Betyr det noko at det vi trudde var unikt, syner seg å ikkje vere det? Sjølvsagt. Både økonomisk og med omsyn til status. Og kva er viktigare i kunstverda enn pengar og status?

Å spele med opne kort er ikkje sjølvsagt i den lukka kunstmarknaden. Det gjer at allmenta ikkje alltid får den informasjonen ho treng for å kunne ta stilling til prosessen bak eit stort, offentleg prosjekt. Kva visste juryen? Kva visste han ikkje då «The Mother» blei kåra som vinnar av ein internasjonal konkurranse om det beste «unike» og «stadspesifikke» kunstverket? Og kva meiner juryen gjer vinnarverket stadspesifikt?

Ingen har til no teke på seg å gjere greie for kva som er det «unike» og «stadspesifikke» ved Tracey Emins «The Mother» utanfor Munchmuseet i Oslo.

Det blir ikkje betre av at dei som betalte ein høg pris for noko dei trudde var eit unikt kunstverk, ikkje kan vere trygge på at det er eit «unika» dei har fått.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement