Sport
Krampemysteriet
Akkurat slik ser det ut når krampa tek Thea Bjelde i VM på New Zealand.
Foto: Lise Åserud / NTB
Det kjennest ut som noko er aldeles gale fyrste gong ein får krampe. For smerta er stor, same om det skjer i leggen under trening eller i tåa mens ein ser på fjernsyn. Men så, når ein har erfart pinsla eit par gonger, finn ein sine teknikkar, og krampen kan stoppast på sekund.
I eit idrettsliv skal ein oppleve mang ein krampe, og ein skal få like mange råd om korleis unngå han. Nokre av råda kjem frå faglærte, men dei fleste frå typen som trur at ispose og tigerbalsam er svaret på det meste. I mi tid var det magnesium frå helsekosten som gjaldt.
Den fyrste forskinga på muskelkrampar kom i 1908. Det var D.L. Edsall som hadde fått med seg at heite arbeidarar i gruver og dampskip fekk krampar.Logisk nok tenkte han då at det var sveittinga som var problemet, at ein gjekk tom for væske og mineral. Men nyare forsking viser at sveitting og ubalanse i kroppens salt ikkje kan forklare krampane – og heller ikkje mangel på magnesium.
Ein hypotese som kom tidleg på 2000-talet og enno er under utvikling, handlar om at ein sliten kropp vil prøve å spare krefter. Når det skjer, vil nervesystemet endre oppførsel og ta til å sende ukontrollerte signal til musklane.
Dette kan forklare kvifor vi ser fleire krampar på ein bedriftsidrettskamp enn på ein VM-kamp. Nervesystemet til amatørane er ikkje like vand til rørslene som dei profesjonelle spelarane.
Og framleis har Skadefri.no ingen dokumenterte råd om korleis ein skal unngå krampar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.