Det er mogleg å reisa til Falklandsøyane med rutefly via både Chile og Brasil. Det militærindustrielle komplekset produserer meir rettlina samferdsletenester. Etter Falklandskrigen i 1982 går det no britiske militærfly sørover til øyane to gonger i veka.
Frå Heathrow tek eg tog til Oxford. Dinest raud, toetasjes buss ein og ein halv time vestover. Det er tidleg vinterkveld og mørkt då eg går av på ein haldeplass ein liten kilometer unna militærlægeret Brize Norton.
Snart går det raskt slag i slag. Militærpoliti kontrollerer pass og papir. Eg vert fotografert og registrert. Ein buss køyrer meg og andre sivile falklandsfararar til ein avgangshall ein stad inne på det ovstore baseområdet.
Det kryr av militært mannskap. Fleire titals britiske soldatar er klare for opphald på Falklandsøyane. Fyrst midt på natta tek det digre flyet vårt av med kurs for Kapp Verde vestanfor Afrika. Der fyller dei på bensin før ferda held fram i ti timar i strak line ned til militærlægeret Mount Pleasant nokre mil utanfor hovudstaden (Port) Stanley. Attmed rullebanene er det flust av kamuflerte hangarar for krigsfly.
Etter nesten eit døgn i lufta får eg stempel i passet og handskrive løyve til å vera ei veke på Falklandsøyane.
Likna Falklandskrigen mest på ein krangel mellom to skalla menn om ein kam? Kva kan ein læra om fenomenet krig så å seia ved enden av verdskartet? Korleis ter atterljomen av allslags våpenbruk og ung daude seg?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.