Essay

Krise er Europas mor

BRUSSEL: På ein tankesmiekonferanse i Brussel stridest dei lærde om Europa er inne i ei eksistensiell krise eller ikkje.

Publisert Sist oppdatert

Eg var komen til Belgia for å oppleve Brussel i krigstid. Eg ville kjenne på stemninga i dei straumlinjeforma byråkratkatedralane der Nato og EUs teknokratar formar verda med ord, i byen som kallar seg Europas hovudstad, sjølv om ingen andre gjer det.

Eg ville høyre korleis maktarbeidarane skildra dette underlege punktet i historia, hausten 2023, eit halvår før EU-parlamentsvalet, i kjølvatnet av pandemien, to år etter fullskalainvasjonen, idet glansbildet av Zelenskyj byrja slå sprekkar og det byrja sige inn at Russland sannsynlegvis kom til å stå att med noko Putin kunne kalle siger.

«Korleis vege ei historisk hending idet ho utspelar seg?» skreiv eg i denne avisa i blodtåka våren 2022. «Korleis vite om dette var krisa som alle dei andre krisene hadde gjort oss blaserte i møte med, om dette var vendepunktet kavalkaden av unntakstilstandar hadde herda oss mot? Kunne det tenkjast at forteljinga om Europa skulle bli: Ulv, ulv, ropte dei i kor i årevis, heilt til bjørnen kom og åt dei alle? Korleis vite om dette var annleis eller meir av det same?»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement