Reportasje
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai. Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Eg var på reise gjennom Tyrkia og Georgia av to grunnar: 1. Erdogan hadde gått på ein gigantisk smell i lokalvala i Tyrkia, noko som overraska heile verda, og 2. det gjekk storpolitiske rykte om at Georgia var det neste landet på ønskelista til Putin, og at regjeringspartiet, Den georgiske draumen, no lét seg utpresse for å tekkast Kreml.
Eg hadde reist med buss, tog og minibuss frå Istanbul til Ankara, tvers over landet frå vest til aust, frå Europa til Asia, frå sommar i Bosporossundet til snø i Anatolia.
Den 20. april gjekk eg til fots over grensa frå Tyrkia til Georgia, langsmed Svartehavet, gjennom ein passkontrollbygning som kjendest som ein flyplass. På andre sida av grensa endra alt seg: valuta, alfabet, metodane for å lokke folk inn i taxiar.
Eg tok minibuss til Batumi. Der vandra eg rett inn i ein demonstrasjon på Europaplassen. Barn, gamle, skeive ungdommar og folk i rullestol song EU-songar og nasjonalsongar og dansa rundt eit gigantisk, asurblått EU-flagg som dei strekte ut og blafra med slik at stjernesirkelen blei ein båt på ope hav.
Langt ut i natta heldt dei fram, midt i den oljerike resort-byen. Å krysse grensa inn i denne rikdommen kjendest som ein nakkesleng etter å ha skrangla meg gjennom dei harde fjella på den tyrkiske sida av grensa.
Midtvegs på ei 27 timars togreise frå Ankara til Kars las eg nyhenda om at Den georgiske draumen ville innføre den såkalla utanlandsagentlova, trass i demonstrasjonane førre gong dei foreslo ho. Lova krev at alle medium og menneskerettsorganisasjonar som får meir enn 20 prosent av midlane sine frå utlandet, registrerer seg som «utanlandske agentar».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.