Kunst

¿ Den ærverdige ukjende

BERGAMO: «Å flytta på éin einaste stein ville vore eit brotsverk», hevda arkitekten Le Corbusier om Piazza Vecchia, Bergamos eldste allmenning.

På grunnplan opnar Palazzo della Ragione seg i ein søylehall under luftige krysskvelv. Til venstre skimtar ein domkyrkjetrappa.
På grunnplan opnar Palazzo della Ragione seg i ein søylehall under luftige krysskvelv. Til venstre skimtar ein domkyrkjetrappa.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Det er bikkjekaldt her oppe i Torre Civica. Frå det 54 meter høge, snart 900 år gamle bytårnet kimar tre klokker kvar halvtime over gamlebyen i Bergamo. Med hundre slag klokka ti markerte dei i hundrevis av år stenginga av byportane om kvelden – tradisjonen med dei hundre slaga har halde seg fram til i dag.

Det tette skylaget er av den låge, elfenbeinskvite typen som ofte dekkjer denne delen av Europa om vinteren, og som tyskarane har det beste ordet for, Hochnebel – «høgskodde». Ljoset som trengjer gjennom denne skodda, blandar mjølk i alle fargar, og jo lenger ein ser, desto meir diffus blir landet. Lengst i nord, fire–fem mil borte, skimtar ein tanngarden til dei sveitsiske Alpane. Og åsryggen gamlebyen ligg på, er faktisk ein av dei siste utløparane til Alpane, som her flatar ut i den seksti mil lange Posletta søraustover mot Adriahavet.

Flerrar stilla

Dei fleste slake teglsteinstaka kring den gamle marknadsplassen Piazza Vecchia under meg er kvitpudra. Okergule er berre dei sørvende taka, der vintersola har fått feste. Ei dame i lang boblekåpe, som her oppe frå får henne til å sjå ut som ei åme, luftar bikkja si på plassen, og skyvedøra til ein varebil som leverer grønsaker til restaurantane, flerrar stilla – elles er her ikkje mykje liv.

Så er eg då òg tidleg ute, for eg kom med den typen lågprisflyliner som opererer til umenneskelege tider på døgeret. Natt var nett blitt til morgon då eg landa på Aeroporto di Bergamo, som ligg eit kvarters tid med buss frå byen og også kan nåast med direktefly frå Noreg. Grunna lågprislinene til Milano er han den tredje travlaste flyplassen i heile Italia.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement