Reportasje

Kunsten å finne fisk

Havfiskarane i vår tid kan ikkje lenger halde fiskefelta skjulte for kvarandre, på grunn av all den nye overvakings­teknologien og moderne rapportsystem. Men framleis er det erfaring og intuisjon som avgjer om ein får ein god fangst.

Frå brua på MS «Argos Frøyanes» på Amundsenhavet i Antarktis i fjor sommar.
Frå brua på MS «Argos Frøyanes» på Amundsenhavet i Antarktis i fjor sommar.
Publisert Sist oppdatert

I dei fleste fag finst det ei rekkje ting ein kan lære seg på skulebenken. Anna er ein nøydd til å gjere eit par gonger før det sit i fingrane. Som sjømann kan ein til dømes lære seg formlane for å rekne på framdrift, straum, vindstyrke, motorkraft og tonnasje – men å vite kva båten reint faktisk er i stand til ute på havet, det må ein til sjuande og sist lære seg gjennom prøving og feiling.

I løpet av min eigen karriere som linefiskar var eg borti ein seks–sju ulike skipperar, og eg merka meg fort at dei utøvde faget sitt på svært ulikt vis. Nokre av dei hadde det som for meg verka som eit magisk handlag; dei visste ikkje berre kor fisken var, men òg kor han ville vere ei veke eller ein månad fram i tid. Somme av dei kunne til og med spå kva storleik det ville vere på fisken, og kva prosent det ville vere av dei ulike sortane.

Andre var så håplause at det verka som om dei famla i blinde. Den verste av dei eg reiste med, var så sjanselaus at han måtte få koordinatane tilsende dagleg frå reiarkontoret. «Og Gud nåde deg om du kastar lina ein annan plass», som reiaren sa på satellittelefonen ein dag. (Eg stod i leideren til styrhuset og overhøyrde ein samtale som neppe var meint for meg.)

Når ein jobbar som fiskar, er det dette alt handlar om. Anten finn ein fisk, eller så kan ein like gjerne fare heim att. For min eigen del enda til dømes turen med den håplause skipperen med ein lott som var så liten at han knapt dekte utgiftene eg hadde til klede og utstyr. Det er med andre ord mykje som står på spel, og langt den største delen av den psykiske børa fell på skipperen. Slik vert det gjerne til at dei dekksfolka som har ambisjonar, flokkar seg til dei som «kan å finne fisken», medan dei mindre gåverike endar med tilsvarande lite motivert mannskap.

Når det er sagt, har det skjedd saker i nyare tid som har jamna ut noko av den største skilnaden mellom fiskarane. Noko av mystikken er forsvunnen, av di ein i dag har svært gode tekniske hjelpemiddel til rådvelde. Eg snakkar ikkje her om dei mest konkrete, slik som til dømes ekkoloddet. Det som har hatt størst påverknad, er dei etter kvart enorme mengdene med data som har vorte innsamla over fleire år.

Mellom anna lanserte regjeringa ein organisasjon med namnet Barentswatch i 2012. Organisasjonen pålegg alle norske havgåande fiskebåtar å rapportere ei rekkje statistiske data – som dagsrapportar på fangst, koordinatar og botnforhold. Tidlegare var det ein månads utsetjing før rapportane vart offentleggjorde. Dette var mellom anna for at ikkje andre fiskarar skulle kunne nytte informasjonen til å finne ut kor fisken står i sanntid. Slik ville dei som fann stimane, i det minste få ei viss tid i fred på feltet før gribbane kom og pressa seg inn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement