Kvalpesjuke
Kvalpesjuke er ein svært smittsam virussjukdom med høg dødsrate, og det er viktig at alle hundar blir vaksinerte regelmessig.
Foto: Kyrre Lien / NTB
Virussjukdommane kvalpesjuke, kvegpest og meslingar er ein dødeleg trio. Alle er blant dei mest smittsame og dødelege virusa vi kjenner til, i slekta Morbillivirus.
Ordet morbillus er latin og tyder «liten byll», eit fellesnamn virusa har fått frå den mest illgjetne av desse trillingane, meslingviruset. Gjennom over 2000 år i følgje med menneska har Morbillivirus drepe for fote, både menneske, husdyr og ville dyr.
Morbillivirus
Forskarar meiner at vi kan spore dei første tilfella av Morbillivirus til Midtausten for om lag 2000 år sidan, der dei dukka opp som sjukdommen kvegpest hos storfe. Meslingar er vi ganske sikre på oppstod ved at kvegpest hoppa over frå storfe til menneske, truleg kring 900 år seinare. Meslingar, koppar, influensa og andre smittestoff med opphav i husdyrsjukdommar blei så med på ferda då europearane koloniserte Amerika.
Størsteparten av den opphavlege befolkninga i den nye verda døydde i løpet av dei to første hundreåra etter Columbus, heile kulturar gjekk til grunne på nokre få tiår, smittsame sjukdomar var ganske sikkert hovudårsaka.
Kvalpesjuke kan derimot ha oppstått nettopp i Sør-Amerika ved at meslingvirus kryssa over frå menneske til hundar. Etterpå spreidde kvalpesjuka seg som ein ny, dødeleg epidemi hos både hundar og ei rekkje ulike tamme og ville kjøttetarar, først i Amerika og så attende til Europa. I dag fører kvalpesjuke og nærskylde Morbillivirus til dødeleg sjukdom hos tamme og ville kjøttetarar over heile verda, til og med hos sjøpattedyr som sel og delfin.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.