Dyr
Kveldknarrar i måneskin
Songen til «kveldknarren», slik natteramnen også vert kalla, minner noko om grashoppesong.
Kamuflasjekunsten til natteramnen er finurleg: Han vel ein reirplass som fjørdrakta harmonerer med. Det kan vera sand, visse lauv eller stein.
Foto via Wikimedia Commons
Fyrste gong eg møtte natteramn, var ei juninatt i 2020. Vi var tre stykk og gjekk på leit etter nattsongarar – trekkfuglar som syng i dei mørke timane når dei har nådd hekkeområdet sitt. Turen byrja ved Linderud i Oslo. Der spelte det ein natteramn, ein stad oppe på ein skogdekt ås.
Songen hadde vorte høyrd av fleire nattvandrarar frå sletta nedanfor, i nokre somrar på rad: Den uthaldelege surringa som vekslar mellom to hovudfrekvensar, ber langt, opptil ein kilometer.
Vi gjekk sakte oppover bratte bakkar, inn i skogen på gjørmete skogstiar og retta oss etter lyden i mørket. Til slutt kom vi så nær som det gjekk an. Etter at vi hadde stått stilt ei stund, såg vi han, flyktig: Ein skugge som flaug frå ein tretopp til ein annan, før han sette seg og byrja med songen sin att.
Håpet var å få sjå han sitje i ro på bakken (dei andre hadde med seg kamera), men viktigast var det å ikkje forstyrre, og vi nøgde oss med klare lydopptak.
Songen til «kveldknarren», slik natteramnen også vert kalla, minner noko om grashoppesong, men han vert sjølvsagt framført med strupen og ikkje med ytre kroppsdelar. Hannar syng for å hevde revir og signalisere nærværet sitt for hoer i mørket.
I Noreg går hekkinga føre seg i småkupert terreng med open furuskog: Natteramnen må ha plass til å flyge, han ernærer seg i flukt. I paringstida brukar han også vengjene til å lage eigne lydar, som ein del av spelet. Når han rastar eller rugar, er han jordbunden: Natteramnar legg egga sine, to om gongen, i ei grop på bakken. Nokre par får fram to kull. Hoa byrjar i så fall på eit nytt eit medan hannen framleis tek seg av det fyrste, og når desse ungfuglane er sjølvstendige, vert dei andre egga klekte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.