Humor

Kven kan venta forutan skjerm?

Kven kan gå utan meining?

Publisert

Eg parkerer ved ein bilverkstad utanfor Bergen. Det er ein slange til girkassa som skal skiftast, og eg har ein ventetime. Det inneber at eg skal venta her på huset medan operasjonen vert utført. Ventetimane er dei mest populære, så eg har faktisk venta på denne timen i over ein månad.

Å gå inn døra er som å entra eit sjukehus som liknar eit hotell. Ytterveggane er i glas frå topp til tå, og store, mørkegrå fliser dekkjer golvet. At det er ein verkstad her med oljesøl, skitne filler og sveiseapparat, er umogeleg å sjå, høyra eller lukta. Men eg veit han finst, gøymd bak massive veggar og ein skinande fasade. Du får ikkje sjå operasjonsbordet her.

Eg sjekkar inn i resepsjonen og gjev frå meg nøkkelen til ein velkledd og høfleg mann. Han viser meg vidare til venterommet, med bardisk, sofa, stikkontaktar og kaffiautomat med ti val. Eg er godt førebudd på å venta, har pakka med meg to bøker, teiknesaker, laptop og bank-ID-brikka, og slår meg ned ved bardisken.

Det er alt ein annan som ventar når eg kjem. Han liknar på Bernie Sanders med munnbind, men utan strikkevottar. Dessutan sit han ikkje. Han går, i eit ganglag eg snart bit meg merke i. For finst det ein eigen ventegonge?

Ganglaget hos menneske er delt inn i to fasar, standfasen og svingfasen. Standfasen er tida frå eine hælen treffer bakken og til stortåa på same fot vert løfta att, og utgjer 60 prosent av eit normalt ganglag. Svingfasen – dei resterande 40 prosentane – er når beinet er i lufta og svingar seg fram til neste steg. I denne tida vert kroppsvekta flytta frå foten som står, til foten som svingar seg fram.

Men denne ventande mannen går ikkje slik. Han sig framover så seint at foten i løpet av svingfasen må ta seg ein liten snei i bakken på veg fram til standfasen, elles ville han falle til eine sida. Denne sneiinga lagar ein lyd, som om han filer vekk ørlite grann av skosolen på dei mørkegrå flisene. Av og til stilnar lyden. Då har mannen stoppa opp ved vindauget, og står litt i total standfase og ser ut, før han er på ’an igjen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement