Essay

¿ Kvil i fred, Bjørn Hansen

Dag Solstad stiller metafysiske fordringar til det moderne mennesket. Det handlar om alvoret i døden, men også i livet.

«Dance Macabre» av kunstnaren Bernt Notke (1440–1509) frå St. Nicholas’ kyrkje i Tallinn.
«Dance Macabre» av kunstnaren Bernt Notke (1440–1509) frå St. Nicholas’ kyrkje i Tallinn.
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Det er ikkje mogeleg for det moderne mennesket å tru på Gud, seier målaren Håkon Bleken i eit intervju med Alf van der Hagen i bladet Plot. Han opplever seg i slekt med Dag Solstad og Michel Houellebecq, og det er lett å forstå kva han meiner. Forfattarskapa han viser til, krinsar stadig rundt Gud, men det er vanskeleg, for ikkje å seie umogeleg, for hovudpersonane å tru. Dei er moderne menneske. Men til slutt skal dei døy. Døden kjem til alle; fattige og rike, romantikarar og modernistar. Korleis møter det moderne mennesket døden?

I Tredje, og siste, roman om Bjørn Hansen har Dag Solstad ei sterk skildring av nett dette. Spørsmåla han stiller, føyer seg inn i rekka av spørsmål om kva som skjer i vår kultur når førestillinga om Gud ikkje lenger er premiss. Kva hender med døden då?

Solstads roman er som skrive, ikkje over lesten av, men som i skuggen av den kunsten som ein gong var allemannseige: den kristne kunsten å døy (ars moriendi). Denne sjangeren prega kulturen vår i hundrevis av år. Ein skulle lære å døy med kroppen for at sjela skulle få leve og nå fram til sæla. Med sæla i sikte fekk dødsleiet ei meining: å gje slepp på kroppen, vise tolmod i lidinga og ikkje stå imot døden når han kom. Slik var døden den siste kristne handlinga. I Tredje, og siste, roman om Bjørn Hansen ventar hovudpersonen på døden, «kroppen forlot sjelen, langsomt, men ubønnhørlig». Korleis skal han te seg? Han lever ikkje i ein kultur der tida før døden er ei førebuing til det neste livet.

I møtet med den ukjende døden minner Bjørn Hansen seg sjølv om at han ikkje er aleine om det som no ventar han. «Universet var fullt av døde mennesker. Ja, de var talløse. Millioner på millioner, ja, milliarder, hadde møtt sin endelige skjebne, som var å dø.» Han erkjenner at det er fellesmenneskeleg å døy. Samstundes har ingen av dei som har gått føre, fortalt noko om korleis det er. Det finst ingen teikn eller spor etter dei. Men det er berre dei han kan lene seg mot no. Kven elles? Hadde han levd i ei tidlegare tid, hadde Bjørn Hansen kanskje lese den danske bestseljaren Huorlunde it Christet Menniske skal paa sin Soteseng beskicke sig til døden, skriven av Niels Palladius etter reformasjonen, trykt opp att og opp att for dansk-norske lesarar.

Bjørn Hansen burde ha hatt boka i biblioteket sitt. For, som han seier, sidan dei døde ikkje sjølv gjev lyd frå seg, er det førestillingane dei hadde medan dei levde, som opptar han, kva dei trudde på og bønene dei bad før dei døde. Så nært kjem han, men ikkje lenger. Han lengtar etter fellesskap med menneska som har døydd før han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement