Kvitt og blått og tårer og blod

Til London med ein fotballekspert på 14 år – eller: Korleis bli frelst.

DET BYRJAR BRA: Tottenham skårar to mål på dei første ti minutta. 14-åringen er i himmelen. Seinare går det ikkje så bra.
DET BYRJAR BRA: Tottenham skårar to mål på dei første ti minutta. 14-åringen er i himmelen. Seinare går det ikkje så bra.
Publisert Sist oppdatert

Eg heng og dinglar i lause lufta, 42 meter over bakken, festa i ein fotballstadion verd 11 milliardar kroner. Ved sida av meg heng ein fotballekspert.

Det er i dei dagar Haaland skårar og skårar, Saudi-Arabia får tildelt fotball-VM i 2034, og Ståle Solbakken ristar på hovudet og seier at noko er pill ròte. Det er i dei dagar Noreg har spelt seg ut av endå ein meisterskap, mykje anna i verda er sjølvsagt endå meir av hengslene, men denne forteljinga skal handle om fotball. For Tottenham skal spele mot byrivalen Chelsea i London. Nord-London mot Sørvest-London, altså.

Sonen min seier det er eit ekstra drygt oppgjer, eit derby, for ikkje berre er dei frå same by, dei to laga, men manageren til Chelsea er han som tok Tottenham til Champions League-finale i 2019.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement