Essay

Kyproskomplekset

LIMASSOL: Det finst ein by på sørsida av Kypros som er full av russarar og ukrainarar. Der forstår ein «kypros­problemet» i lys av Ukraina-krigen, og omvendt.

Den russisk-ortodokse kyrkja i Limassol ligg lysande på ei høgd utanfor byen. Kyrkja er flunkande ny og svært påkosta – og stengd.
Den russisk-ortodokse kyrkja i Limassol ligg lysande på ei høgd utanfor byen. Kyrkja er flunkande ny og svært påkosta – og stengd.
Publisert Sist oppdatert

Ein appelsin losna frå ei grein og trilla ut i bassenget. Der snurra han rundt sin eigen akse, som om han kava mot dei nye omstenda, før han gav seg over, stilna og blei liggande å duppe, som ein solbrend sexturist. Den raske ferda frå å vere «frukt på grein» til «ført på villspor av krefter større enn seg sjølv» til «forsona med ny skjebne som søppel» levandegjorde appelsinen. Brått såg han menneskeleg ut.

Eg sat ved vindauget i eit shabby hotell på hjørnet av Persefonis-gata og såg uvêret herje i palmane. Det regna på svømmebassenget og den tragikomiske appelsinen. Heisen i lobbyen laga gnistrelydar. I tåka kunne eg ane Middelhavet, og der ute i dei omstridde farvatna lynte det mellom tankskipa. Då det letta, rista eg av meg ei pretensiøs freisting til å skrive ein eksegese om koplingar mellom frukt og fall, frå oldtidsmytane, via Bibelen og populærkulturen, til eiga levd erfaring. Eg vende meg vekk frå teoriane om dei alt fortalde forteljingane, tilbake mot teikna som tilsynelatande er mindre tukla med, dei som er domenet til journalisten, ikkje akademikaren. Eg gjekk Limassol på tvers, for liksom å forankre meg i den materielle røynda og historia slik ho ser ut til å utspele seg der. Først som tragedie, så som farse, så som meiningslaus kritikk.

Limassolograd eller Middelhavets Moskva, blir han ofte kalla, den nyrike byen på den gresk-kypriotiske sørsida av Kypros, der éin av fem er russarar. Stemninga var verkeleg påtakeleg russisk langs stripa, med pelsforretningar og diamantar i butikkvindauga og open fattigdom i etasjane over. Overalt stod skjelett av halvbygde hotellkompleks. Dei ferdigbygde hadde episke og mytiske namn som Odysseia, Ajax Hotel, Royal Appolonia og Olympic Residence. Eitt gjorde det enkelt for seg og heitte berre Symbol.

Så lenge ein har skrive forteljingar i det som skulle bli Europa, har ein skrive om konfliktar i Aust-Middelhavet, mellom det som skulle bli Hellas og det som skulle bli Tyrkia, ofte med Kypros i rolla som ein halvmytologisert trofé. I byrjinga av litteraturhistoria var Kypros – oppkalla etter gudinna for venleik og kjærleik, Afrodite, også kjend som Venus, mindre kjend som Kypris – rik på kopar, eit mineral som skulle tiltrekke seg først mykenske grekarar, så assyrarar, så egyptarar og persarar, til Alexander den store la øya under seg i 333 f.Kr. Alexander elska Iliaden – Homers epos om krigens sorg og kraft – og skal alltid ha hatt det på innerlomma når han kriga, og under puta når han sov. Ein kan sjå for seg at diktet på den måten bidrog til å forme europakartet.

I dag er Kypros rik på olje og gass, med eit enormt urealisert potensial på sokkelen, noko som gjer øya interessant for stormakter flest. Gjennom ei ordning som fram til nyleg lét folk kjøpe kypriotiske pass for to og ein halv million euro i eigedomsinvesteringar, blei Kypros òg rik på global finanselite, særleg russiske oligarkar. Landet i seg sjølv er ikkje spesielt rikt, men her er og har alltid vore ei sterk gjennomstrøyming av pengar, krefter og problem frå andre stader. Kunne Kypros på sikt bli åstad for ein slags ny europeisk krig? Kunne ein tenke seg at om den perfekte stormen av tilsynelatande uavhengige hendingar skulle inntreffe, så kunne den urgamle, fastlåste konflikten mellom gresk-kypriotane og tyrkisk-kypriotane på øya igjen få vind i segla?

Sanksjonane mot Russland hadde forplanta seg raskt i den kypriotiske økonomien. Kypriotar var difor meir skeptiske til dei økonomiske sanksjonane enn folk i resten av EU, sjølv om landet offisielt stod på Ukraina si side og tok imot mange flyktningar. Finanskrisa hadde råka Kypros vel så hardt som Hellas, og innføringa av euroen hadde vore ei ulukke for øya. I denne situasjonen hadde utanlandske investeringar, særleg russiske investeringar, vore ei redning for den kypriotiske økonomien, der det er ekstremt mykje meir pengar enn bruttonasjonalproduktet i omløp. Til dømes er storparten av den nest største banken i Limassol eigd av World of Tanks, eit spelselskap av unge datanerdar frå Belarus. Eg hadde høyrt eit rykte om at russarar no tok pengar med seg frå Limassol og Larnaca til den ikkje-anerkjende republikken i Nord-Kypros. Dette var i så fall ein av uoverskodeleg mange sommarfugleffektar av Ukraina-krigen. Ryktet fekk støtte av folk eg møtte nord på Kypros, mellom anna ei sibirsk kvinne eg skulle møte i ei badstove i Famagusta, og Anne, ein skotsk pensjonist på tur der med den russiske svigerson sin. Begge kvinnene var der fordi familien var i ferd med å flytte verdiar frå sør til nord. Det kunne verke som om Sør-Kypros blødde russarar over grensa, over den såkalla grøne linja. I fleire år kunne ein altså kjøpe seg eit kypriotisk pass gjennom eigedomsinvesteringar på øya. I 2020 publiserte Al-Jazeera «The Cyprus Papers», ein lekkasje av statsdokument som synte lister over 2500 personar frå 70 ulike land som hadde fått innvilga såkalla gullpass. På lista var kvitsnippkriminelle frå heile verda, aller mest frå Russland, men òg frå Asia, og frå Ukraina.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement