Kunnskap

Laksedreparen

Nærbilete av parasitten Gyrodactylus salaris, som festar seg med klør til fiskehuda og et slim og skinn med munnen som sit i den andre, frie enden.
Nærbilete av parasitten Gyrodactylus salaris, som festar seg med klør til fiskehuda og et slim og skinn med munnen som sit i den andre, frie enden.
Publisert

I førre veke kunne Mattilsynet fortelje at Fustaelva i Nordland er friskmeld for den frykta lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Parasitten vart funnen i Noreg første gong i 1975, og sjukdommen spreidde seg raskt. Til saman 53 elvar har vore smitta, og kampen mot laksedreparen har til no kosta meir enn ein milliard kroner.

Det kan verke merkeleg at ein liten, mjuk og igleliknande parasitt, berre ein halv millimeter lang, kan ha skulda for å ta livet av mest all laksen i dei smitta elvane. Katastrofen har tre opphav, to handlar om korleis og eitt om kvifor. Og ikkje minst: Både sjukdommen og kuren har hatt stor innverknad på naturen og kosta milliardar av kroner, ei rekning som vi alle har vore med på å betale.

Korleis

For det første: Gyrodactylus salaris høyrer til ei slekt med parasittar som festar seg til utsida av fisken med kraftige klør, og som et av slimet og skinnet på fisken. Dette skader huda. Dersom dei små lakseungane, som er dei mest mottakelege, blir smitta av mange parasittar, vil dei døy ganske raskt av sår og sekundærinfeksjonar.

For det andre: Parasittane er tvikjønna, og dei føder levande ungar. Inne i kvar nyfødd parasitt er det alt eit foster klart til å utvikle seg, og ikkje berre det – det er eitt foster til inne i det første fosteret, som ei dødbringande russisk dokke. Får Gyrodactylus salaris høve til å formeire seg i ei elv eller eit oppdrettsanlegg med mange mottakelege vertar, skjer det ein nesten eksplosiv auke i smittemengda.

Kvifor

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement