Reportasje
Laksefolket som tapte terreng
Columbiaelva finn veg gjennom Rocky Mountains, amerikansk ørken og regnskog. Laksen tar med seg næring frå Stillehavet til skog, dyr og folk. Er det mogleg å finne fiskande urfolk og columbialaks etter herjingane til det nye Amerika?
Skipper Fiander frå yakama-folket fører langhåven med røynde rørsler gjennom fossekavet i Klickitat-elva. Det er tøft arbeid, i dag som for tusen år sidan. Fisken han får, sel han og kjærasten frå den enkle leiren ovanfor.
Alle foto: Hans Morten Sundnes
Var ikkje det ein laks? Berre ein grå skugge mot det bleikgule elvevatnet bak vindauget. Eg fekk ikkje sett hovudet, men den tette, kraftige kroppen kan stemme med ein chinook. Så høyrer eg det resolutte, målretta «It’s big!» frå ei guterøyst frå det øvste vindauget i visningsrommet. Det kan også stemme.
Ingen laks blir større enn chinooken, sjølv om det neppe var snakk om meir enn fem kilo her. Alle er vi ved – eller like gjerne i – Bonneville-demningane, drygt 20 mil opp i den mektige Columbiaelva. Turbinrekkjene i det same komplekset gir lys til hus og mobilskjermar på den amerikanske vestkysten. Betongmassane, som strekkjer seg mellom delstatane Oregon og Washington, får den veldige grenseelva til å lystre. Laksen vi har følgd opp frå havet, får sitt første møte med amerikansk ingeniørkunst og svømmer inn i statistikken.
– I går passerte vi 46, fortel Park Ranger Megan Sleeper under den breibremma Park Ranger-hatten.
Merket på uniformsjakka fortel at Megan også høyrer inn under US Army Corps of Engineers. Og området er sanneleg ein ingeniørfest, med stram betong og blankt stål, svingbruer, kanalar, sluseportar og turbinar. Og intrikate, fossande laksetrapper som får laksen opp. For ikkje å snakke om røyr og renner som slepper smolten ned.
– Smoltrenna er forlengd for at unglaksen ikkje skal bli tatt av annan fisk som lurar her, forklarer Sleeper.
Her rår teknologioptimismen. Det gjeld å gjere noko, og om det ikkje går heilt bra, gjer ein noko anna for å fikse på det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.