Kunnskap
Landeplage
Mange har hatt lyst til å bruke miltbrannsporar i biologisk krigføring.
Miltbrann hos menneske syner seg oftast som sår og byllar i huda.
Foto: Donald Hunter / Wellcome Library, London / Wikimedia Commons
I Andre Mosebok kan vi lese om dei ti landeplagene som Gud skulle kaste over Egypt fordi faraoen ikkje lét israelittane dra frå landet. Vatnet i Nilen skulle bli til blod, dei førstefødde guteborna skulle døy, og alle slags skadedyr skulle ete avlingane.
Husdyra skulle heller ikkje sleppe unna, hestar, esel, kamelar, storfe og småfe skulle døy av pest og byllar skulle bryte ut på folk og dyr. Det Jahve truga med, var mest sannsynleg miltbrann, ein bakteriesjukdom som kan slå ned på både menneske, hestedyr og klauvdyr, og som heilt frå antikkens dagar har vore ei sann landeplage, ikkje berre i Egypt.
Brå daud
Miltbrannbakterien (Bacillus anthracis) kan berre formeire seg inne i levande dyr (inkludert menneske) og er i seg sjølv ikkje særleg hardfør eller smittsam. Blodsugande insekt kan spreie sjukdom frå dyr til dyr, men den farlegaste smitten skjer med sporar som blir danna når bakterien kjem i kontakt med luft. Sporane er ei godt innpakka kvileform av bakterien som kan overleve i miljøet i opptil hundre år, og smitte kan finnast nær sagt overalt, i gras, jord, vatn, kjøt, skinn og ull.
Husdyr blir som regel smitta ute på eit beite der andre dyr har døydd av miltbrann eller ved at dei får fôr med bakteriesporar. Frå tarmkanalen kjem sporane seg inn i kroppen, der dei vaknar til liv og dannar giftstoff (toksin) som angrip blant anna cellene i hjartet, blodkar og lever.
I dei mest akutte tilfella døyr dyra brått etter berre to til tre dagar, og dei blir funne som slappe, oppblåste kadaver, med ukoagulert blod rennande ut frå nase, auge, munn og endetarm. Sjukdommen kan òg trekke meir ut i tid, med høg feber, kraftig diaré eller væskesamling og byllar under huda. I den tidlege fasen av sjukdommen kan antibiotika, som penicillin, vere ei effektiv behandling.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.