Reportasje

Landing i Bodø

Jean-Paul Sartre, Simone de Beauvoir, Karel Capek, Olga Scheinpflugová og Dan Cooper og eg: Burøylukta bind oss saman.

SAS-fly over Bodø sentrum, med Landegode i horisonten.
SAS-fly over Bodø sentrum, med Landegode i horisonten.
Publisert Sist oppdatert

Enda ein gong flyg eg nordover for å fiske saman med kunstnaren Hugo Aasjord. Under meg er det framleis fjell, skog og vidder, heilt til vi når Helgeland. Der opnar landet seg enno i fjordar og svulmande hav mot vest, til skiljet mellom himmelen og vantet blir oppløyst i horisonten i ein skinnande gråfarge som minner om fuglefjør.

Det er åtte år sidan sist, men no skal vi i gang igjen, med nye prosjekt, i ny båt – og med mykje å snakke om.

Bodø kjem så vidt til syne der framme, på ei flat og avrunda landtunge som stikk ut i havet. Det er som om alle fjella rundt bøyer seg over, peikar ned på dette området og seier «flyplassen må nok liggje der».

Kor mange gonger har eg landa på Bodø lufthamn? I barndommen kom eg nordfrå – frå Kirkenes, spent fast til setet i eit Hercules-fly, sitjande langs sida på sete av nett og tettvoven militær bomull og med vertikal rygg. Hovudet var vendt mot dei som sat på rad på motsett side, som fallskjermsoldatar klare til å hoppe ut over fiendtleg territorium.

På eit slikt fly er mesteparten av innmaten synleg – kablar, røyr og all slags mekanikk med amerikanske instruksjonar og gule og raude klistrelappar med varsel eg hugsar slik: «Do NOT pull this lever.» «Don’t EVER turn this switch.» «You MUST NOT open this valve, not even a little bit.» «Do you HEAR me, boy!?» «If you touch any of this stuff the plane will crash in a ball of fire, and it will all be because of YOU!»

Dei kraftige propellmotorane bråka så mykje at det var umogleg å snakke. Alle fekk dropeforma bomullsdottar til å stappe inn i øyra, men det var nok å sjå på på dei timelange flyturane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement