Reportasje

Langfjella gav liv til kysten

EYDEHAVN–BØYLEFOSS: I dag fylgjer eg straumleidning­ane frå fabrikken i havkanten til kraftverket i fjellheimen.

Dei gamle turbinane på Bøylefoss kraftverk går som klokker, men treng tilsyn og stundom ein reparasjon.
Dei gamle turbinane på Bøylefoss kraftverk går som klokker, men treng tilsyn og stundom ein reparasjon.
Publisert

Eg står med sykkelen på bryggja til det no nedlagde smelteverket på Eydehavn, under straumleidningane som ein gong dreiv dei to fabrikkane som heldt liv i barndomsbygda. I dag skal eg fylgja straumgata heilt til endes oppi fjellheimen.

Rett nok nærmar me oss den tida på året då eg som avisbod på tretten år parkerte sykkelen og kvar morgon hengde den tunge avisveska på sparken i staden, men no for tida er det godt sykkelvêr jamvel om det snart er vintermånad.

Fabrikkane

I dag endar Langfjella-ferda, eit halvår etter at eg kring jonsok la ut på den fyrste ferda, til Hjerkinn (1017 moh.), den høgstliggjande stasjonen på Dovrebanen. I åtte episodar har eg arbeidd meg sørover. Men den siste turen byrjar ved nokre fabrikkar i havkanten. Kvifor?

Det er her me ser verknaden av fallhøgda i fjellheimen. Når det gjeld kraft, endar ferda på 0 moh. Vatn gjev seg ikkje før det har nådd havet, om havkanten ligg inst i ein vestlandsfjord eller, som her eg står no, heilt ytst på kysten, på Staksnes, betre kjent som Eydehavn, i Tromøysundet, mellom Tvedestrand og Arendal.

I sørvest ser eg Tromøybrua, i søraust havhorisonten. Kva har Eydehavn med Langfjella å gjera? Mykje. Var det ikkje for Langfjella, ville det knapt ha budd folk der eg voks opp. Før 1913 var Eydehavn eit stille nes med eit par gardsbruk. Snøgt var det som ein liten by.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement