Leitande etter Blåmann
Barndomens viseskattar:
«Vinje som gjetergutt» (1887) av Christian Skredsvig. Olje på lerret.
Foto: Nasjonalmuseet
Kvar gong eg har fare med bil forbi den vesle stova oppi bakken der Aasmund Olavsson Vinje hadde sine yngre år, var det som om Blåmann, bukken hans, vakna til live – både i songen min og i barnet i meg.
Dei fleste på min alder lærte seg mange Vinje-songar, men eg trur få gjorde slikt inntrykk på oss som «Blåmann». Men har bukken vore ein levande ven for diktaren – eller berre ein draum?
Aasmund Olavsson Vinje må ha vore det mest spennande og samansette mennesket som har traska rundt i to sko i dette landet, skriv Halldis Moren Vesaas i føreordet til boka A.O. Vinjes beste.
Vinje var journalist og diktar, ein ordmeister og ein som ivra for det norske målet. Han vart fødd i 1818 på ein gard der far hans hadde husmannskår. Då dei ein dag måtte reisa derifrå, flytta dei til Plassen i Vinje, der faren bygde den vesle stova me kjenner som Vinjestoga. Aasmund var blitt seks år gamal.
I husmannsstova stod det usselt til. Men faren fekk han interessert i bøker, som dei fekk låna av presten. På skulen gjorde han det særs godt. Og då han seinare kom seg inn på eit hjelpeseminar i Kviteseid, kunne han samstundes vera gjetargut heime i Vinje. Deretter vart han omgangsskulelærar i Smørklepp og Grungedal, der han spedde på løna med å selja tresko og brennevin. Då var det nok fint å ha Blåmann og stølslivet i tankane.
Men Aasmund ville vidare. Han begynte på Asker seminar og gjekk ut med beste karakter. Deretter flytta han til Mandal, der han vart journalist. Her lærte han seg fransk, tysk, latin og litt gresk. På Helbergs studentfabrikk vart han kjend med Bjørnson og Ibsen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.