På tomannshand
Lengsel etter herlegdom
TRONDHEIM: Den nye katolske biskopen i Trondheim, Erik Varden, utfordrar kyrkja til å finne nye uttrykk. Sjølv peiker han på erfaringa av lengsel når han skal seie kva mennesket er.
Erik Varden då han vart utnemnd til katolsk biskop-prelat 6. november i fjor.
Foto: Kristin Svorte
Kva er eit menneske, Erik Varden?
– Det kallar eg rett på sak! Det å vere menneske er å vere støv med lengsel etter herlegdom.
– Det var eit særs poetisk svar?
– Ja, eit teologisk svar, på sitt beste, er poetisk. For dei elementa som bur i mennesket, er motstridande, og ei teologisk forklaring av det å vere menneske må samanfatte motsetningar.
Erik Varden er den nye katolske biskopen i Trondheim. Han voks opp i Degernes i Østfold, studerte i Cambridge og vart etter kvart katolikk og munk i den nær tusen år gamle cisterciensarordenen. Dei siste åra har han vore abbed ved trappistklosteret Mount Saint Bernard i England, der dei ber og arbeider. Blant anna bryggjar dei ølet Tynt Meadow som du får kjøpt på spesialpol i Noreg. I tillegg skriv han bøker som syner at han har både den klassiske og den kristne tradisjonen under huda. Den siste boka hans, Lengsel er mitt vesen, er omsett til ti språk.
Om nokon må Varden vere den som kan tenkje høgt om korleis kristendomen, ein to tusen år gamal religion, kan kommunisere inn i ei moderne tid. Difor tok eg toget over Dovre og trefte Varden i det nøysame, men stilige husværet han disponerer som biskop i Nidaros. Vi drakk røykt te på engelsk vis. Utanfor vindauget låg Nidelva og regntunge åsar. Det vart ein samtale om kyrkjespråket og om lengslane menneska ber på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.