Sport

Lett og lystig

Reidar Morset på radioinnspeling i NRK i 1972. Nynning og song til trening er undervurdert.
Reidar Morset på radioinnspeling i NRK i 1972. Nynning og song til trening er undervurdert.
Publisert

Kva det er som gjer at det er så lett å mislike treningspersonlegdomar, og då spesielt dei på TV? Svaret er lett: Dei er for blide og for solbrune.

Balansen mellom oppmuntring til trening og plagsam misjonering er hårfin. Som idrettspedagog i psykiatrien var morgonmøte med pasientane avgjerande. Sjå føre deg å komme inn som ei slags smørblid Kari Jaquesson, eller ein slags frisk Yngvar Andersen, til ein gjeng depressive pasientar. Det funkar dårleg. Det skal då seiast at pasientane i ein manisk fase nok kunne sjå syn på ei viss oppstemtheit.

Handballjente er for nokre blitt eit omgrep. Ei handballjente sprett rundt og smiler og ler heile tida – litt slik du kan sjå Jane Fonda juble med venninnene sine når ho er lykkeleg ferdigtrena.

Når vi snakkar om Fonda, skal det seiast at hennar tilnærming til treningsmisjonering langt ifrå berre spela på uskyldig munterheit. Den liksom tilfeldige tøyinga i starten er legendarisk, og undervegs i aerobicøkta kan ein høyre kvinnelege «ouuuu»-ar når dei nærmare seg eit treningsklimaks – litt som etter ein solo på jazzkonsert.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement