– Likskap er berre eit verktøy

Per Olav Olsen er ein av få norske klassisk figurative målarar. Kor går vegen frå slåstkampar i Verdal til kunstakademiet i Firenze i Italia?

Per Olav Olsen: «Meditatum I», 45 x 60. Teknikk: Grafitt og kvit pastell på handtinta akvarell­papir. Utført etter levande modell.

På tomannshand

Med rutete skjorte og sikspens minner Per Olav Olsen meir om ein røsleg slaktar frå mellomkrigstida enn ein kunstmålar. Han dumpar ned i ein lenestol i Stavanger og opnar med å fortelje om oppveksten i Trøndelag. Frå 1970-talet såg Verdal kommune starten på eit enormt industrieventyr, men ein kan trygt seie at medaljen hadde ei bakside.

– Eg tilhøyrer det kullet med ungdommar som stort sett var barn av tilflyttarar. Berre i mi bygd, Verdalsøra, tredobla innbyggartalet seg på få år. På denne tida kunne det komme store kontraktar, og så var det bråstopp ein periode. Dette gav ustabil inntekt, til- og fråflytting og rusproblematikk, og ungdommane gjekk vel litt på laust. Sjølv vaks eg opp i ein trygg og god heim, men mange hadde det tøft.

Den nye guten

Olsen fortel om ei skuletid prega av mykje slåsting og mobbing og lærarar som gjorde sitt beste, men som i stor grad lèt elevane ordne opp seg imellom. Olsen lener seg fram, og eit drag over andletet vitnar om at desse minna framleis er levande.

– Dei som var så uheldige å stikke seg ut på ein eller annan måte, fekk særleg gjennomgå. Det var heilt klart andre som stakk seg meir ut enn meg, men på eit tidspunkt var eg «den nye guten». På den tida var eg ni år og fekk ein periode jamleg gjennomgå med juling på vegen heim. Eg endra meg mykje på den tida. Eg gjekk frå å vere ein trygg og glad gut til å bli ei målskive.

Etter kvart gjorde Olsen motstand. Han innsåg at det var eit punkt der dialog ikkje lenger fungerte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement