Liv, humor og brodd

16. mai slo NRK til med eit godt portrett av Oddvar Torsheim, laga til 85-årsdagen hans i november i fjor. All honnør til produksjonsselskapet Niccofilm.

Publisert

Ein kan ikkje anna enn lika Oddvar Torsheim. Han er eit oppkome av morosame kommentarar: «Ei sinna dotter er betre enn ti terapeutar.» «Ein kan henge i barar og løysa kunstnariske problem, men noko kunst vert det ikkje av det.»

Som Ottar Wiik har skildra han i Tre favorittar-spalta i Dag og Tid: «Ei vandrande multimedieframsyning med raudt skjerf og skulderveske full av notatbøker og skallen full av nye idear.»

Inhabil

Sjølv har eg ikkje roskompetanse, eg er ingen kunstekspert. Dessutan er eg inhabil: Eg hadde Magnhild Arstein, den beste og flottaste lærarinna i Sunnfjord prosti, som lærar dei tre fyrste skuleåra mine på Førde barneskule. Magnhild var gift med Oddvar Torsheim. Ho var ei gåve for oss elevane, ikkje minst fordi ho lærte oss songar utanboks: «Vesle guten oppi bakken, grøne vesten, snor om hatten, han friar til meg.» I tillegg var mor mi dagmamma for Jorunn, dottera.

Men her i avisa tel det trass alt meir at Dag og Tid i mange år har hatt glede av kunsten til Oddvar Torsheim. Han har aldri vore fast teiknar i Dag og Tid, men han hadde så mange teikningar på trykk i avisa på 70- og 80-talet at vi må kunna skryta han på oss. Dessutan dekorerte han aksjebreva då Dag og Tid utvida aksjekapitalen.

Ei bygd med energi

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement