Reportasje
Løva, treet og Kielland
Ein stor by som Paris treng ein liten veg inn. Nokon du kjenner der, eller andre som kan ta deg med og visa deg rundt.
Det eldste treet i Jardin des Plantes, ein libanesisk seder, vart planta i 1735 og skildra av Alexander Kielland i 1878. Slik ser det ut i dag, i august 2024.
Foto: May Linn Clement
«Der er neppe noget sted i Verden, hvor det bliver sagt saameget dumt som i et Malerigalleri. Forsaavidt er man heldig ved ikke at forstaa Sproget her: man forstyrres ikke af de Omkringstaaendes Bemærkninger.»
Eg kunne ikkje sagt det betre sjølv, Alexander Kielland.
12. mai 1878 drog 29 år gamle Kielland åleine til Paris, og ei dryg veke seinare stod det fyrste av ein liten serie reisebrev på trykk i Dagbladet, Fra en tilfældig Korrespondent.
I 1991 vart desse med då professor Owe Apeland (1919–2014) valde ut tekstar av Kielland og Gyldendal gav ut boka Løvene i Fontainebleau – reisebrev og novelletter fra Paris, ei bok eg på slump plukka med meg frå eit antikvariat i Stavanger i vinter.
Boka las eg i badekaret heime. Skildringane av naturen, menneska og den franske kulturen var levande og morosame. Måten Kielland møtte byen på, tala til meg, og eg fekk ei heureka-oppleving: Eg skal oppsøkja Kiellands Paris! Iallfall noko av det.
Så her står eg ein sommardag i august øvst i den botaniske hagen, Jardin des Plantes, med «de smukkeste Træer i Paris» og klyp meg i armen: Her var Kielland i 1878.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.