Sport
Lukta av leggbeskyttarar
Leggen er klart ein utsett kroppsdel i fotball.
Jack Grealish iført dei minste leggbeskyttarane det er mogleg å oppdrive.
Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB
Dette er flautt å skrive, men ein gong køyrde eg og sambuaren min til saman 96 km for å få tak i rett type leggbeskyttar til ein elleveåring. Guten skulle på cup for fyrste gong aleine, alle andre hadde desse leggbeskyttarane, og me var desperate.
Leggbeskyttarane han skulle ha, for eitt år sidan, vel å merke, heitte G-form og kosta 800 kroner. Dei var av typen du dreg opp på foten, hadde stor dekkflate og verna difor godt.
No regjerer diverre ein heilt ny type, fyrst og fremst blant dei proffe, men også så smått i breidda. Dette er ei bitte lita plate på nærmare 10 cm som dei puttar under sokken. Sannsynlegvis er plata akkurat stor nok til å få pengar igjen frå forsikringsselskapet dersom uhellet skulle vere ute.
For det er ein potensiell helsefare i å bruke dei minste leggbeskyttarane ein kan oppdrive. Leggen er klart ein utsett kroppsdel i fotball. Fordelen med denne moderne miniplata er at ho berre kostar 40 kroner, og at det ikkje luktar som om nokon har dauda, når ein tek dei av.
Ein følgjetrend er sokkemoten. Dei som speler med store G-forms, skal helst ikkje ha på seg dei lange lagsokkane, men derimot små Nike-tennissokkar. Når ein kjem opp i ein viss alder, er ein nøydd til å bruke lange lagsokkar. Då er løysinga for mange å klippe av foten i dei flunkande nye sokkane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.