Kunnskap
Lusealarm i nord: Temperaturen i havet stig, og lakseparasittane veks fortare enn nokon gong.
I haust har det vore rekordmykje lakselus i Nord-Noreg, og mange anlegg har ikkje klart å halde seg under lusegrensene, trass i hyppige behandlingar.
Foto: Marit Hommedal / NTB
I august varsla meteorologane om ei marin hetebølgje i Barentshavet med temperaturar på fire til fem grader over normalen. Dei høge temperaturane har halde seg utover hausten, og no er det kritisk høge lusetal i mange oppdrettsanlegg i Nord-Noreg.
Mange har nok gleda seg over den varme sommaren med tropenetter og fine badetemperaturar, men både for miljøet i havet og for dei som driv med fiskeoppdrett, kan denne sommaren og hausten bli eit alvorleg vendepunkt. I ein rapport frå Havforskingsinstituttet har dei rekna ut at i oppdrettsanlegga frå Andøya til Mehamn vart det i dei verste dagane i september klekt over 160 millionar nye luselarvar kvar time.
Om vi la alle desse små larvane hovud mot hale i ei lang rekkje og starta på Andøya, hadde det berre teke tre dagar før vi fekk nok luselarvar til å lage ei samanhangande luselenkje heilt til Mehamn.
Meir fisk
Lus har vore eit problem heilt sidan starten av oppdrettsnæringa på 1970-talet. Bruk av legemiddel, anten som fôr eller som bademiddel, var lenge den mest effektive metoden. Men med stadig meir fisk i merdar langs kysten blei det òg meir lus og fleire behandlingar, og til slutt gjekk det som det måtte, lusa utvikla resistens mot mirakelmedisinane.
Litt legemiddel blir framleis bruka, særleg på den minste fisken, men no er det for det meste naudsynt med andre metodar, som spyling eller bading i varmvatn. Rognkjeks og annan reinsefisk har vore sett på som ein betre og meir biologisk metode, men har diverre fått eit stadig dårlegare omdømme på grunn av høge dødstal og dårleg velferd for dei små luseetarane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.