Historie
Lynkurs i latinamerikansk politikk
Argentina hadde nett kasta militærdiktaturet på historias skraphaug og halde val. Den nye sivile presidenten heitte Raúl Alfonsín. No stod Uruguay for tur.
Presidentkandidat Wilson om bord i båten.
Ein flatbotna elvebåt – «Ciudad de Mar del Plata II» – kom til å spela ei hovudrolle i ei dramatisk gjenoppliving av demokratiet i Uruguay, kjent i historia som eit latinamerikansk Sveits: Skipet skulle bringa leiaren for det liberale Blanco-partiet heim frå fleirårig eksil i Argentina og andre land.
Wilson Ferreira Aldunate, heitte han, og han var middagsgjest hos president Alfonsín dagen før han skulle gå om bord i «Ciudad de Mar del Plata II». Wilson var ein røsleg 60-åring med ei hes røyst som kunne ha kome av røyking gjennom mange år.
Kanselist Per Grasmo spurde meg – blodfersk korrespondent – denne føremiddagen om eg visste at Wilson Ferreira Aldunate ville reisa heim same ettermiddag: Eg er blank på både Wilson og heimreisa, svara eg, som sant var, så Grasmo tok meg med til hotellet der Wilson budde, me banka på døra hans, Wilson opna, og: si senores, solo falta un noruego – det einaste me ikkje har med, er ein nordmann, svara Wilson.
I kortesjen
Slik gjekk det til at Grasmo og eg køyrde sist i kortesjen til hamna med politipatruljar overalt, elleville eksiluruguayanar og argentinarar jublande i dei avsperra gatene, konfetti frå alle høghus og tutande bilhorn, og der framme låg «Ciudad de Mar del Plata II» med slagside fordi alle journalistane og medarbeidarane til Wilson flokka seg saman på styrbord side over folkemengda på kaia. (Ja, det var «Hjelmeland» med slagside som var avbilda hos Andreas Skartveit for 14 dagar sidan, ‘Dar kjem dampen’ som minte meg på eventyret med «Ciudad de Mar del Plata II» for ein menneskealder sidan.)
Ein person i uniform slo meg på skuldra i trengselen der på kaia og ville vita om eg ville om bord. Ja, så visst skulle eg om bord, så då fekk han passet mitt mot lovnad om at eg skulle få det att om bord.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.