Reportasje

Makossamannen

DOUALA: Vi er i millionbyen til musikaren Manu Dibango ­– Kameruns store son. Eller var han det?

Manu Dibango då han spelte på Melafestivalen i Oslo i august 2019.
Manu Dibango då han spelte på Melafestivalen i Oslo i august 2019.
Publisert Sist oppdatert

Bussen stoppar i Douala, den nest størst byen i Kamerun. Det var varmt i hovudstaden Yaoundé. Her er det varmare. Vi blir møtte av Deko Ebongué, som er vår kjentmann. Vi skal overlevere ein brukt Roland synthesizer frå Vakoté, den sams venen vår på Kolbotn heime i Noreg. Gleda over gåva er til å ta og føle på der vi sit på eit lite ølutsal i ei sidegate.

Etter eit par flasker med Guinness Export, blir vi følgde til leilegheita vår. Ho såg bra ut på bileta og er heller ikkje så verst då vi kjem inn. Det vi ikkje veit, er at det eine rommet ikkje har vindauge, og at dette soverommet, med vegg tynnare enn papp, har nattklubben Paradis som nærmaste nabo. Å prøve å sove der er som å skulle sovne midt på dansegolvet. Men vi fell i svevn i kvar vår sofa i TV-stova, med musikken dundrande rundt i draumane våre.

Den største saksofonisten

Dagen etter har det stilna, og vi kan konsentrere oss om hovudgrunnen til at vi er i millionbyen Douala. Manu Dibango var den mest namngjetne innbyggjaren og den største jazz- og funksaksofonisten frå Kamerun, kanskje i heile Afrika. Som multiinstrumentalist og orkesterleiar sette han seg stadig nye mål gjennom heile sin lange karriere med afrikanske musikktradisjonar som utgangspunkt.

Foreldra var strenge protestantisk kristne. Faren var frå yabassifolket, som blei sett ned på av doualastamma mora tilhøyrde. Dei spanderte utdanninga på den skoleflinke Manu, som fekk reise til Frankrike som 15-åring for å utdanne seg. Dei vona at han skulle kome heim som lege, advokat eller arkitekt, men då faren fekk vite at guten var blitt jazzsaksofonist, var det slutt på pengane heimanfrå.

Manu greidde seg. Han gifta seg med belgiske Coco, fotograf og fotomodell med stort nettverk. Sjølv blei han leiar for husbandet på Anges Noires, den hippaste nattklubben i Brussel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement