Teknologi

Mål alt som lèt seg måla

Bioingeniør Christine Morken og maskina Cobas 8100, som måler PSA ved hjelp av elektrokjemiluminescens.
Bioingeniør Christine Morken og maskina Cobas 8100, som måler PSA ved hjelp av elektrokjemiluminescens.
Publisert

Vil du verkeleg greiast ut? Dokteren ser på meg. Eg nikkar. PSA-resultatet eg får, er 2,6 ng/ml. Altså null fare for prostatakreft. Min første tanke er: Korleis kan dei måla slike små mengder av eit stoff i blodet?

PSA står for prostataspesifikt antigen og er ei kompleks kjemisk binding, eit enzym, som vert skilt ut i prostatasekretet, og som syter for å tynna ut sædvæska. Det løyser seg opp i cervical mucus hos kvinna og frigjer sæd i livmora. Det gjer det lettare for sædcellene å nå målet.

Når ein får prostatakreft, trengjer etter kvart dei muterte cellene inn i blodet, og mengda PSA i blodet stig. PSA kan òg auka av andre årsaker. Men PSA er likevel ein god kreftmarkør. PSA vert saman med andre målingar brukt til tidleg oppdaging av prostatakreft. Det aukar sjansen for å overleva.

Alt det er vel og bra, men korleis er det mogleg å måla så små mengder som nanogram per milliliter? Eg ber om audiens hos Christine Morken på Haukeland sjukehus. Ho har ansvaret for PSA-målingar der. Ho byrjar å fortelja:

PSA vert målt ved hjelp av eit samspel mellom ei rekkje ulike teknikkar som til saman utgjer ein sandwichmetode dei kallar elektrokjemiluminescens.

Etter at blodprøva er teken, vert ho ståande til koagulering i minimum 30 minutt, for deretter å verta sentrifugert. Blodprøveglaset inneheld ein gel som ved sentrifugering med 2200 omdreiingar i minuttet legg seg mellom blodlekamane på botnen og det gule serumet oppå. Serumet kan brukast til mange ulike analysar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement