Kunnskap

Mål med meining

Fot for fot, tomme for tomme.

Greitt å læra det fyrst som sist: Ikkje ver dogmatisk når det gjeld måleeiningar. Det er alltid noko nytt å læra.
Greitt å læra det fyrst som sist: Ikkje ver dogmatisk når det gjeld måleeiningar. Det er alltid noko nytt å læra.
Publisert Sist oppdatert

Eg skulle aldri spurt. Det eg skulle gjort, var å gå ut i stova, trekkja ut skuffa øvst til høgre i skjenken, der det ligg tre måleband og to meterstokkar. Eventuelt kunne eg ha googla. Det ville teke meg ti sekund.
Men no er det for seint. Eg sit ved kjøkenbordet med avisa og har kome til ei reklameside med fjernsyn som måler 55, 65 og 75 tommar. På andre sida av bordet sit far min, og eg har nettopp spurt han kor lang ein tomme er.
Eg visste ikkje kor stort dette spørsmålet var.
Far spør kva eg meiner, om eg kan utdjupa.
– Eg lyt nesten vita kva måleeining du vil ha tommen i, seier han og kjem med nokre forslag.
– Fot, alen eller kanskje i metrisk verdi?
– Fot, seier eg.
– Eg sit her og lurer på forholdet mellom tomme og fot.
Det gjer det heile mykje lettare å svara på, men det er eit men her. For kva fot meiner eg?
Imperial fot eller dansk-norsk fot?
– Kva er skilnaden, spør eg.
– Rundt 15 millimeter. Når me måler diameteren på bildekk, bruker me imperiale tommar, eller inch. I bygging av tradisjonelle norske båtar brukar me dansk-norske tommar og fot, som er litt lengre. Me reknar tolv tommar i ein fot.
– Og ein fot er...?
– Ein fot er halvparten av ein alen.
– Så ein alen er to fot, eventuelt 24 tommar?
– Ofte stemmer det, ja. Men på Vestlandet er ein båtalen berre 21 tommar. Det bruker dei ved tradisjonell båtbygging, som ved oselvarverkstaden i Os, rett over fjorden her.

Far har stjerner i augo når han fortel.
– Ein gong snakka eg om måleeiningar for ei forsamling nede på Finnøy. Eg trur ikkje nokon klarte å henga med.
Han er gamal båtbyggjar og vart for femten år sidan med i den Finnøy-baserte stiftinga som bygde ein kopi av «Restauration», det fyrste emigrantskipet som gjekk frå Stavanger til Amerika i 1825. Ei av nøttene var å finna ut kor stort skipet var.
– Me visste lasteevna, altså volumet, men ikkje måla.
Nøkkelen fann han på Norsk Tollmuseum i Oslo. På byrjinga av 1800-talet var det nemleg Tollvesenet og ikkje Sjøfartsdirektoratet som hadde ansvaret for å måla lasteevna på skip som gjekk til og frå landet.
– Dei rekna i Amsterdam-fot, men i norske tommar. Det er mange måtar å vera rar på!
Medan ein Amsterdam-fot den gongen var rundt 283 millimeter, var den norske heile 314. Det gjekk elleve norske tommar i ein Amsterdam-fot. Kvifor tollvesenet miksa måleeiningar, er ikkje godt å seia. Ein grunn kan vera at folk i Sør-Noreg selde mykje trematertiale til utlandet, mellom anna til Nederland.
– Mange av dei berømte fasadane langs kanalane i Amsterdam står på norske trestokkar. Den gongen måtte dei òg bruka måleeiningar, kanskje var det like greitt med Amsterdam-fot.
Vil eg læra meir om dette, kan eg vitja Norsk Tollmuseum i Oslo, seier han. Der har dei hengande målestokkar i fleire ulike einingar, mellom anna ein engelsk fot, som var delt opp i berre ti tommar, men dei har òg ei spanande utstilling av fortolla varer. Det var visst toll på alt mogeleg før, både fyrstikker og sko. Ei tid var det forbode å ta tobakk ut av landet, det vart mellom anna gøymt inni trådnyste.
– Å gå på tollmuseet er eit skikkeleg kurs i smugling.

Ein kjem langt utan måleeiningar, om ein berre held seg til dimensjonar.
– Det er eit språk alle kan forstå, utan å vera redd for å mangla nokre skruplar.
Og då meiner han lengdemålet skruppel, som er 1/144 av ein tomme.
Takvinklar er mellom det som ofte er rekna ut med dimensjonar. Tre delar i lengda og to delar i høgda gjev ein vinkel på like under 34 grader, same kor mange fot eller alen det er snakk om.
Når ein snakkar om tømmer, er det i to ulike nemningar, dimensjonsnemning og funk­-
sjonsnemning.
– Det er irriterande å samtala med folk som ikkje kan skilja desse to, seier far.
Er du i butikken og skal kjøpa material, handlar du plank etter dimensjonane 2 x 4, 2 x 8 og så bortetter. Det er fyrst når du kjem heim og skal bruka materialen, at det får namn som bjelke, sperre og stender, alt etter kva funksjon han har i konstruksjonen.
– Eg har vore vitne til at folk har kome til trevarehandlaren for å kjøpa «2 x 8-bjelke». Det ikkje er eit ord eingong.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement