Kunnskap
Marsvin
Marsvin er populære og sosiale familiedyr, men dei treng god plass og selskap av artsfrendar for å ha eit godt liv.
Foto: Martin Mejia / AP/ NTB
Marsvin er gnagarar utan noko slektskap med grisar. Kan hende var det den korte, kraftige kroppen og dei mange griseliknande lydane som gjorde at tyske sjøfolk som tok marsvina med som mat på overfarten frå Sør-Amerika til Europa, kalla dei Meerschweinchen, eller små havgrisar. Opphavleg vart marsvina avla fram som husdyr til mat for folk som budde i Andesfjella, men her i Europa har dei hatt ein karriere som populære forsøks- og familiedyr.
Sør- og Mellom-Amerika er eit stort landområde der det frå naturen si side var påfallande få ville dyreartar som kunne temjast til husdyr. Dei viktigaste lokale husdyra før den europeiske koloniseringa var lama, alpakka, moskusand og marsvin. Marsvina var husdyr som kvinnene hadde ansvaret for, og som ofte vart fôra opp i mørkret inne på kjøkkenet, der dyra kunne få restar frå matlaginga og sjølv vere lett tilgjengelege for å hamne i gryta. Dyra var sikkert også leikekameratar for ungane i familien, og dei hadde mange stader ei viktig kulturell rolle.
Terapimarsvin
Marsvin blei mellom anna trudd å ha magisk lækjande evner. For alvorlege sjukdommar kunne det hjelpe om den legekunnige masserte pasienten med eit marsvin, dei svarte marsvina var særskilt helsebringande. Dette skulle hjelpe mot leddsjukdomar og andre kroniske smerter, og etter behandlinga kunne ein måle kor mykje av sjukdommen medisinmarsvinet hadde drege til seg, ved å avlive dyret og gjere ein kjapp analyse av innvolane.
Ein liknande praksis finn vi i moderne «kjæledyrassistert terapi» som blir brukt til å seinke stress og auke livskvaliteten til menneske som er lagde inn på institusjonar. I eit kontrollert og vitskapeleg forsøk med marsvinterapi på ein rehabiliteringsklinikk i Sveits kunne dei måle at all klappinga og strykinga var positiv for den psykiske helsa til menneska, men at marsvina sjølve blei tydeleg triste av all terapien. Dei obduserte rett nok ikkje marsvina etterpå, men auka stress hos terapimarsvina blei målt ved mellom anna stigande kroppstemperatur og redusert matlyst.
Forsøksmarsvin
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.