Humor

Matprat og alder

Sei meg korleis du uttalar namn på matvarer, og eg skal seia kor gamal du er.

Publisert

Eg har ein tendens til å snubla over artiklar om ting eg har gjort feil heile livet – frå å skjera melon til å reinska granateple, som eg strengt teke berre har halde på med dei siste åra.

Ingen hadde granateple då eg vaks opp. Ikkje sushi heller. Då eg vaks opp, var sushi eit skjellsord. Rå fisk?! Har du ikkje høyrt at du kan døy av det om det vert laga på feil måte?

Det næraste sushi me hadde på kjøkenet, var Kikkoman. Ingen kalla det soyasaus, me kalla det for merket som gjorde det kjent. Nett som Melitta-posar, som mor kallar kaffifilter, sjølv om ho kjøper eit heilt anna merke.

No får borna mine sushi som lunsj når dei er på fotballcup. Framleis er mor usikker på kor i ordet ho skal leggja sj-lyden, så ho heilgarderer seg og seier shushi.

Kor gamal er eg? Eg las ein gong at den tryggaste staden å vera då atomkraftverket i Tsjernobyl eksploderte 26. april 1986, var i magen til mor si. Både dei som var fødde før eksplosjonen, og dei som vart til etterpå, kunne få skadar som fylgje av det radioaktive støvet. Men dei som alt var i magen, var trygge. Dette tok eg til meg, for eg vart fødd ni dagar seinare. Sundag fyller eg 38 år. Det er då ingen alder.

Dei som vert 100 år, reknar me som gamle. Men dei lever faktisk berre i 36.500 dagar. Det er ikkje så mykje likevel. I månadslønsland vert det rekna som lite.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement