Reportasje
Med éin fot i fortida og éin i framtida
DOHA: Kva gjer eg i Qatar? Jo, eg vitjar endå eit land i Midtausten, det niande for min del, møter eit samfunn som vil prega nyhenda i 2022, og vert meir kjend med eit land som i mangt liknar Noreg.
Perlemonumentet på den sju kilometer lange strandpromenaden La Corniche i Qatars hovudstad Doha. I bakgrunnen ser ein skyskraparane i den nordlege enden av promenaden.
Begge foto: Håvard Rem
Liknar Qatar Noreg? Ved fyrste augnekast er dei to samfunna særs ulike. Qatar er ikkje av landa me likar å samanlikna oss med. Qatar ligg i Midtausten, Noreg i Norden. Qatar er eit diktatur, Noreg eit demokrati. Qatar har organisasjonsforbod, Noreg sterke fagforeningar. Qatar nyttar sharia i lovverket, Noreg er ein liberal rettsstat. Qatar er muslimsk, Noreg sekulært. Qatar har store kjønnsskilnadar, Noreg nær ingen.
Ved neste augnekast har dei to landa mykje sams. Båe er av dei rikaste i verda, båe har rikdomen frå olje- og gassverksemd, og båe har ein innfødd folkesetnad som har gjort seg avhengige av utlendingar i tenesteyrka. Utlendingar som kjem til Qatar og Noreg, får gjerne eit betre liv enn landsmennene sine, men eit dårlegare enn dei innfødde.
Qatar spøka i kulissane då Språkrådet i desember kåra fjorårets nyord: sportsvaske. Som vertsland for fotball-VM om ti månader vil qatararane imponera verda. Skal ein tru Amnesty, har meir enn 15.000 gjestearbeidarar mista livet i arbeidet med å byggja fotballstadion og infrastruktur.
Sams soge
Kva har Noreg og Qatar av sams soge? Ein gullalder med ekspansjon og imperialisme hadde båe landa i sein jarnalder. Etter Romarrikets fall og folkevandringstida laut Karl den store forsvara seg mot åtak frå både sør og nord, frå Arabia og Norden. Medan den norske ekspansjonen kulminerte med Noregsveldet før Svartedauden, har språk og tru frå den arabiske halvøya lagt under seg område frå Atlanterhavet til Stillehavet.
Endå ein norsk-qatarsk parallell er det at båe landa, etter den krigerske stordomstida, hamna i skuggen av mektigare granneland. Saudi-Arabia og Bahrain gjorde krav på Qatar, Danmark og Sverige gjorde krav på Noreg. At både Qatar og Noreg vart svake koloniar, fremja ein likskap som har prega dei to landa i moderne tid.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.