Med Kafka i Paris
«På Marigny-teatret gjekk Prosessen av Kafka, med ein vidgjeten skodespelar i rolla som Josef K... Det var ei framsyning som sette verda på enden.»
Det var just det året me gjekk på Høgskulen i Paris. Der fekk eg ein ven for livet, Augusto frå Peru.
Kan hende fann me kvarandre av di me kom frå land med låg vyrdnad i verdssamanheng. Det fekk Augusto eit prov på fyrste dagen han vart teken imot av leiaren på skulen. – De kjem frå Peru, sa han, om det landet veit eg ikkje anna enn at det har mykje guano.
Guano, fugleskit, det var ikkje nett det gjævaste ordet å verta fagna med. Eg hadde vore i ei bilulukke og mist tennene i overmunnen. So me kjende oss tungmælte i andre lag enn vårt eige.
På Marigny-teatret gjekk Prosessen av Kafka, med ein vidgjeten skodespelar i rolla som Josef K... Det var ei framsyning som sette verda på enden. Når me gjekk ikring i gatene, tenkte me støtt på Josef K... som vart innkalla til avhøyr utan å ha gjort noko gale. Han fekk stikkordet «snikkar Lanz» og møtte Leni, unggjenta som førde han fram til forhøyrsdomaren.
Ein dag gjekk me i dei audslege gatene ved Gare d’Austerlitz. Ein kar frå Hokksund hadde slege lag med oss, han kom frå Shape, hovudkvarteret for Nato i Europa.
Då sa Augusto: Her må det vera at snikkar Lanz held til. Og øre som me var av Kafka-rusen, spurde me den fyrste me møtte: Kan De segja oss kvar snikkar Lanz bur? Han vifta oss vekk: Har aldri høyrt namnet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.