Men klesvasken min får du aldri
I juli gjorde eg noko eg lenge har tenkt at eg vil gjera. Eg kjøpte ei klessnor.
Grunnen til at eg ikkje har gjort det før, er at eg har hatt ein for omstendeleg idé om kor eg skal montera snora. Eg har vore inne på tanken om å støypa pålar i jorda, å festa trinser til ein vegg, å byggja eit turkestativ – altfor omfattande prosjekt til at det har vorte noko av.
I hagen har eg ei gamal, stor bjørk. Bestefar min planta henne då han var sju år gamal, i 1926. Han fann den vesle bjørkespiren i ein dal ikkje langt unna og tok henne med heim med rota.
Bjørka står seks meter frå rekkverket til verandaen. Snora eg kjøpte i juli, festa eg med spikar i rekkverket, så strekte eg henne rundt treet og festa andre enden med ein ny spiker i rekkverket. Sånn. Der hadde eg to liner å henga klesvasken på.
Målet med klesturk er, som alle veit, at fuktige plagg skal verte turre. Vatnet må på ein eller annan måte ut av plagga, det er livsviktig for at menneskerasen skal overleva. Og ting som er livsviktig for menneske, er god butikk.
I 1970-åra byrja den elektriske turketrommelen å koma inn i dei norske heimane, som eit supplement til den alt innlosjerte vaskemaskina. I 1988 hadde 87 prosent av husstandane vaskemaskin, medan 26 prosent hadde turketrommel. Ein av dei som hadde begge delar, var familien min. Men turketrommelen vart ikkje gamal i den heimen. Ifylgje mor øydela han kleda. Han sleit dei sunde og pepra dei med nuppar. Etter trommelen vart teken ut nokre år seinare, har det aldri kome ny inn på vaskerommet. Kleda har vorte turka på stativ inne eller på den roterande klessnora ute.
Folk flest er likevel ikkje som mor. Sist gong det var turketrommelteljing i landet, i 2012, kom det fram at over halvparten av dei som har vaskemaskin, også har turketrommel. Samtidig som talet på turketromler har gått opp, har talet på klessnorer gått ned. Dei felles turkelofta med lange snorer som pla vera øvst i blokker, vart selde ut av fellesskapen og gjorde om til topphusvære. I 2017 kunne alle Schibsted-avisene, frå Stavanger Aftenblad til Bergens Tidende, fortelja den same saka om turkeloftet som vart «en perle med lys og fjordutsikt».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.