Historie
«Mennesket kan forbetrast uendeleg»
Få har som Andrej Sakharov, den klassiske intellektuelle forskaren og aktivisten, sameint intelligens, mot og eit uredd forsvar for sivilisert politikk.
Andrej Dmitrijevitsj Sakharov var far til den sovjetiske H-bomba. Men til liks med dei amerikanske atomfysikarkollegaene Albert Einstein og J. Robert Oppenheimer vart han kritisk til masseøydeleggingsvåpena. Livsprosjektet deira vart mykje det same: å åtvara verda mot atomkatastrofen. Den kampen fekk store kostnader for dei alle.
Det starta ikkje slik. Sakharov meinte til å byrja med at det ville tena freden at Sovjetunionen fekk si H-bombe. Det ville verka som ei motvekt til USA. I 1954 vart den sovjetiske bomba detonert.
Sakharovs tvil kom tidleg. Alt i 1961 – etter at han hadde fått ei rad heidersutmerkingar – tok han avstand frå gjenopptakinga av atomprøvesprengingane på Kolahalvøya og på Novaja Semlja. Det skjedde ope, midt mot Nikita Khrusjtsjov.
Menneskerettsaktivist
Seinare, i 1966, tok han del i protestane mot rehabiliteringa av Stalin, og frå 1967 var han aktivt med i arbeidet med å fremja respekten for menneskerettane og mot undertrykkinga av sovjetiske dissidentar. Her vart rettssakene mot forfattarane Jurij Daniel og Andrej Sinjavskij i 1965–1966 skilsetjande. Dei synte sovjetregimets sanne karakter.
Han gjekk også aktivt ut mot ABM-rakettskjoldet som skulle gjera USA og Sovjetunionen uangripelege med kjernevåpen. Sakharov meinte dette ville gjera åtak med kjernevåpen meir sannsynleg og auka krigsfaren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.