Reportasje
Mikrobrikkene som formar framtida
Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.
Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.
Foto: Sindre Deschington
Når eg går inn døra til Sintef-lokala i Forskingsparken på Blindern, tenkjer eg på dei kvite, lange kattehåra til katten min, Gulliver. Eg håper eg har fått børsta dei av meg. Marerittet er at eitt av desse håra skal feste seg på ei silisiumskive og øydeleggje produksjonen av fleire tusen mikrobrikker, sensorbrikker, halvleiarar, chips eller kva ein ønskjer å kalle dei.
Du veit, desse brikkene vi nyttar oss av overalt, som regel utan å sjå eller tenkje på dei. Når vi køyrer elbil, lyttar til musikk, skrollar på mobilen eller stiller spørsmål til ChatGPT. Eller når vi høyrer irriterande pipelydar frå kjøkkenet og det viser seg at kjøleskapsdøra står open. Ja, når vi bruker alle desse tinga som er vortne så smarte og kjenslevare at dei på fleire måtar har utkonkurrert intelligensen, presisjonen, sanseapparatet og viljestyrken vår.
Desse brikkene som i hopetal er vortne nødvendige komponentar i alt frå digitale assistentar til livreddande medisinsk utstyr og presisjonsvåpen. Og som til saman utgjer hjerne og nervesystem i instrumenta vi ser på som sjølvsagde.
Uansett, eg vil helst ikkje øydeleggje slike dyrebare brikker med kattehår. Eller støvkorn for den del. For fotografen og eg har fått innpass i sjølve hjartet av mikrobrikkeproduksjonen ved forskingsinstituttet, laboratoriet MiNaLab, som skal vere heilt fritt for støv. Der, i reinrommet, som det også vert kalla, vert mikrobrikker forska på, utvikla og produserte, og nøkkelpersonar er sette i sving for å sikre at både fotoutstyret og vi vert like støvfrie som rommet vi skal inn i.
Høgaktuell produksjon
Det første som møter oss innanfor døra til Sintef, er ikkje reinrommet, men ein liten museumsdel. «Mikrosystemer i 40 år», står det på ein plakat, som viser utvalde ledd i den teknologiske utviklinga frå 1960 til 2004, då Sintef og Universitetet i Oslo flytta inn i bygningen vi no er i – ein svart og grå boks med høge etasjar og ein heil vegg av glas.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.