Min kamp mot klokka

Ein stor del av livet mitt dreier seg om å ha batteri på mobilen og vita kva klokka er. Er det mogeleg å koma unna?

Publisert

Det var to ting eg knytte til det å vera vaksen, og som eg gledde meg til, då eg var lita. Det eine var å få rekningar i posten og halde på med brevgiro og signering, det andre var å sjå på armbandsuret og brått få det travelt.

Så vart eg vaksen og fann ut at ingen av delane var noko å gle seg til.

Den fyrste klokka mi fekk eg velja frå eit roterande skap i kjellaren på S-laget i Øystese. Ho hadde ein bamse i midten av klokkeskiva og tre visarar i raudt, grønt og gult for time, minutt og sekund. Når den grøne stod rett opp og den raude rett ned, var det barne-TV. Det var det fyrste klokkeslettet eg lærte, og eigentleg det einaste klokkeslettet eg var interessert i å kunna.

Det viste seg snart at armbandsuret ikkje kom åleine. For med klokka kom det eit ansvar eg ikkje var førebudd på. Det var å innretta seg etter tid og stad. Frå no av skulle alt eg gjorde i livet, ha ein dag, ein dato og eit klokkeslett.

Denne klokka var starten på ei tid – ikkje ei ny tid, men berre tid. Før berre levde eg, no var livet mitt delt inn i dagar, timar og minutt.

Resten av livet skulle eg bruka på å prøva å lausriva meg frå denne låste tida.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement