Reportasje
Minste motstands veg til Middelhavet
Med alt inkludert på charterferie går du ikkje glipp av det du får, berre alt det andre.
Eg sit midt på den 300 meter lange stranda som høyrer til hotellet Sunwing Makrigialos. Stranda til venstre, som berre er ei forlenging av denne, høyrer til eit anna hotell
Grensa går ved parasollane og handkleda: Dei har gule parasollar og blå handkle, me har kvite parasollar og grå handkle. Stranda til høgre, som held fram etter ein liten knaus, går inn mot den vesle hamnebyen Makrigialos.
Eg dreg pusten djupt inn og pustar langsamt ut, i takt med bylgjene, nett slik eg har lært på yogatimane i fitnessrommet. Her, i dette vesle paradiset ved Middelhavet sør på Kreta, skal eg vera i sju dagar.
– Hugs å seia premium!
Idyllen brest i det ein far ropar etter dottera som spring mot strandbaren.
– Romnummer og all inclusive premium, gjentek han, med trykk på premium. Jenta spring i medvind og ser ikkje ut til å ensa noko av det som vert sagt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.