Essay
«Mot all fornuft, ein avleiingsmanøver!»
FAMAGUSTA: Som ein biverknad av krigen i Ukraina blir det rusta opp på Kypros, retorisk og militært, på begge sider av ein urgamal strid.
Høgvatnet kjem inn og tek kadavaret med seg.
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Othello: Kva gjeld saka, trur du?
Cassio: Noko med Kypros, kan eg tenke meg.
Eg sprang langs stranda, med Iliaden i rumpetaska, då eg kom over havskjelpadda. Først såg eg ikkje at ho var død. Ho stod med hovudet heva, stira liksom stoisk og kampklar mot havet, med open munn. Ein sverm av svarte fluger letta frå kroppen hennar då eg nærma meg. Panseret hadde krakelert. Store flak i skalet hadde sklidd frå kvarandre, og no stritta dei i vinden, som venger.
Eg var på joggetur mot ruinane av oldtidsbyen Salamis, langs ei folketom og forsøpla strand nord for Famagusta, i den tyrkiske republikken i Nord-Kypros. Havet låg langgrunt og turkist til venstre for meg. Til høgre luska laushundar mellom tomme campingvogner. Eg sprang i knasande tang og svampete sand mellom bølgjeslaga. Nokre stader kunne eg hoppe utover på klippene og sjå ned i eit skjelpaddeskalmønstra spel av lys og skugge mellom grottene på sandbotnen.
Skjelpadda kunne ha blitt fødd på denne stranda om lag på same tid som øya blei ein britisk koloni for hundre år sidan, etter tre hundre år under ottomansk styre. Ho kunne ha sett geriljakrigen gresk-kypriotane førte mot britane på 1950-talet, frigjeringa i 1960 og borgarkrigen som då braut ut mellom den gresk-kypriotiske majoriteten og den tyrkisk-kypriotiske minoriteten.
Med apolitisk blikk kunne ho ha sett dei fredsbevarande styrkane til FN legge i land i 1964, og kulminasjonen midt på 70-talet, då ein greskstøtta militærjunta mislykkast i eit kuppforsøk, etterfølgt av at Tyrkia, for å forsvare minoriteten mot majoriteten, invaderte den nordlege tredjedelen av øya og etablerte Den tyrkiske republikken i Nord-Kypros, ein de facto stat som berre er anerkjend av Tyrkia.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.