Natur

Mot haust med storspovehoene

Storspoven er ein stor vadefugl med karakteristisk nedoverbøygd nebb. I Noreg hekkar også syskenarten småspove, som har liknande kroppsfasong.
Storspoven er ein stor vadefugl med karakteristisk nedoverbøygd nebb. I Noreg hekkar også syskenarten småspove, som har liknande kroppsfasong.
Publisert

Det er ei tid då vår og haust møter kvarandre: Medan dei siste seintrekkjarane framleis er på veg nordover og landar i von om å hekke, tek dei fyrste vadefuglane til vengjene og byrjar ferda mot sør. Det er månadsskiftet juni–juli, og vår- og hausttrekket kryssar kvarandre.

Blant dei som trekkjer tidleg sørover, er storspoven ikonisk, og samlingar på fleire titals individ i andre halvdel av juni er eit teikn på at hausttrekket sakte er i gang. Men storspoven er også kjend for dette særmerket: Hoene dreg frå kullet før hannane, om lag midtvegs i oppfostringa. Det er fedrane som vert att og tek seg av ungfuglane til dei vert sjølvstendige.

Vassfuglar dannar ei gruppe med eit stort mangfald av ordningar for foreldreomsorg. I nokre artar tek begge foreldre like stor del i ruginga og oppfostringa, i ein god del tek faren seg av det meste, i andre mora. I denne samanhengen er storspoven eigentleg ikkje sær. Men spørsmålet om korleis desse ulike ordningane har oppstått gjennom evolusjonen, byr framleis på utfordringar. Frå andre halvdel av 1900-talet har det vorte vanleg å bruke økonomisk resonnement om kostnad og nytte for å forklare ulike omsorgsstrategiar.

Tanken er at det ein kan observere i nolevande bestandar, speglar prosessar som har ført fram til ein effektiv balanse mellom kostnad og nytte når det gjeld eiga overleving og omsorg for andre. Ifølgje denne logikken vil det statistisk sett vere betre om hoene av storspove dreg fyrst: Denne ordninga aukar sjansane for forplanting og overleving for alle involverte, som har ulike behov og evner – vaksne hoer, vaksne hannar og ungfuglar.

Men det er med vassfugløkonomi som med menneskeøkonomi. Det er ofte ikkje mogleg å måle kostnad og nytte for å teste hypotesar om optimal bruk av tid og ressursar. I tillegg har det i seinare tid vorte registrert større fleksibilitet enn venta i omsorgsframferd hjå ein del artar. Det økonomiske synspunktet har fostra spennande hypotesar og modellar, men kan sannsynlegvis ikkje gjere greie for heile historia.

I tilfellet storspove verkar det i alle høve som det har lite å seie om kullet etter kvart vert passa av éin eller to vaksne. Då kan den eine gje seg ut på det farefulle trekket i førevegen. Men nøyaktig kvifor mødrer plar gjere det, er ikkje så opplagt. Denne rollefordelinga mellom kjønna synest å vere gammal, evolusjonært sett, hjå vassfuglar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement