Reportasje
Motvind og medvind
Etter ei rekke nasjonale nederlag måtte Danmark definere seg på ny. Og slik blei dei ein nasjon tufta på smør og flesk.
Landbruket i Danmark er mekanisert og modernisert, og fleire tusen bønder er gått konkurs. Inne på viddene av gras og korn ligg dei moderne driftsbygningane, som ser mest ut som fabrikkar. Alle foto: Hallgeir Opedal
I 2004 gav songaren Petter Sommer ut sitt fyrste soloalbum, og den største hiten frå den plata heiter «Valby Bakke». Denne bakken, eller snarare stigninga, ligg vest i København, og herifrå har ein utsikt over indre by. Ifølgje Den Danske Ordbog blir Valby Bakke brukt «for at betegne grænsen for det område som københavnerne synes er interessant, kan overskue el.lign.».
Alt utanfor er altså uinteressant. Ja, om lag som når Oslo-folk seier «nord for Sinsenkrysset».
Rom 409 på vandrarheimen i Odense har ikkje fjernsyn, og på ein post-historisk dag som søndag 20. juni 2021 er det eit sakn. Eg skulle så gjerne sett «Go’ morgen Danmark» med reaksjonar og kommentarar etter fotballkampen i går kveld, og ikkje om at dei danske drengene gjekk på ein smell då Finland skåra det eine, avgjerande målet. For som min venn i resepsjonen surt sa:
– Det er ikkje det det handlar om i dag!
Nei, nei, sjølvsagt ikkje, at eg kunne vere så lite fintfølande. Statsminister Mette Frederiksen har alt skrive ei oppdatering på Facebook: «Den bedste melding, der nogensinde er givet på et fodboldstadion, er den, som kom lørdag aften: At Christian Eriksen er vågen og hans tilstand stabil. Et nationalt chok blev vendt til en national lettelse.» Og avslutninga: «Sjældent har det været så lidt vigtigt, om en fodboldkamp bliver vundet eller tabt.»
Til alle tider har dugande politikarar visst å spele på kjensler, og Mette Frederiksen er ein virtuos på sosiale medium. Her treffer ho klokkereint, og meldinga har alt fått 38.000 likes, som må vere ny rekord. For alt denne søndagen dreiar seg om Christian Eriksen, den oppstadne yngling.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.