Mysteriet Astrup
Me følgjer i spora til den relativt ukjende norske polarfararen Eivind Astrup, som hadde ein lysande, men kort karriere på slutten av 1800-talet.
Eivind Astrup og Frederick Cook saman med «Nordpolens Naboer». Astrups observasjonar frå livet til inuittane vekte interesse hos etnografar i samtida, sidan dei hadde lite kunnskap om verdas nordlegaste folk.
Foto: Frammuseet
Me er på veg nordover grønlandsisen. Med segl og ski. Det går fort. Pulkane hoppar og sprett bak oss på den harde snøen. Kilometerane renn av garde. Me skal til nordenden av den enorme innlandsisen for å finne ein varde. Det er ein lang tur. Ein frykteleg lang tur. Det svir i låra, og eg er stiv i ryggen – og nett no lurar eg på om det var så lurt å leggje ut på denne ferda.
Astrup var son av ein forretningsmann. Han vart fødd og voks opp i Kristiania. Og som 19-åring reiste han til USA for å vitje bror sin. Tilfeldigvis fekk han her sjå at Robert Peary søkte etter folk til ein ekspedisjon til Nord-Grønland. Astrup hadde eventyrlyst og skikunne og fekk plass på ekspedisjonen, som i 1891/1892 overvintra langt nord på vestkysten av Grønland – i det området som i ettertida vart kalla Thule. På denne ekspedisjonen deltok også lækjaren Frederick Cook. Han som frå 1909 krangla med Peary om kven av dei to, om nokon, som hadde kome fyrst til Nordpolen.
Peary valde ut Astrup som følgjesvein til ei langferd nordover innlandsisen. Og etter to månadar med hundespann, ski og truger kom dei 4. juli 1892 til ei klippe som stupte ned mot sjøen. Dei kalla ho Navy Cliff etter marineoffiser Pearys arbeidsgjevar. Bukta dei såg mot nord, kalla dei Independence Bay til ære for den amerikanske sjølvstendedagen. Ein månad seinare, etter i alt 97 dagar på tur, kom dei attende til overvintringsbasen på Nordvest-Grønland. Då hadde dei tilbakelagt nesten 2000 kilometer. Ei oppsiktsvekkjande lang ferd. Over tre gonger lengre enn Fridtjof Nansens namngjetne kryssing av Grønland tre år tidlegare. Dei hadde revolusjonert framkomstteknikken i polarstroka og sett ein ny standard for kor langt det er mogleg å reise utan etterforsyningar. Astrup hadde som fyrstemann kombinert hundeslede med skigang. Men viktigast: dei kunne fortelje verda at grønlandsisen hadde ei avslutning i nord.
Astrup vart raskt ein populær kar heime i Noreg. Landet som nett hadde fått ein Nansen, fekk no endå ein polarhelt. Som den yngste personen nokon gong vart han i 1892 utnemnd til riddar av St. Olavs orden. Han heldt ei rekkje føredrag – og ein av dei som lét seg inspirere av det Astrup hadde å fortelje frå Nord-Grønland, var den unge Roald Amundsen.
Den andre Peary-ekspedisjonen
Eit år seinare, i 1893, var Astrup igjen på veg til Grønland saman med Peary. Målet for ekspedisjonen var også no ei ferd over innlandsisen – og vidare mot Nordpolen. Men forsøket vart mislykka. Astrup snudde etter kort tid, tilsynelatande på grunn av sjukdom som kom av matforgifting. Dei andre klarte heller ikkje å kome særleg langt nordover. Men før resten av ekspedisjonsfølgjet kom attende til overvintringsbasen, hadde Astrup lagt ut på ei lang ferd sørover, saman med den inuittiske følgjesveinen Kolotengva.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.