Reportasje

Når omgrepet dagstur blir utfordra

Åtvaring: Ein skitur på vidda er ikkje det same etter dette.

Publisert

Eg ser utover Finsevatnet. Det er framleis full vinter, sjølv om kalenderen har runda mai. Me har pakka pulkane og er klare for langtur på vidda. Vindmeldinga er god, og me har sjekka Statens naturoppsyns «dynamiske kiteforbod» for å unngå å kome inn i område der villreinen oppheld seg i augneblinken.

Eg gler meg. Den frie kjensla av å kaste loss og segle ut. Ingen konkrete planar om kor me skal. Eller kor lenge me skal halde på. «Det er vinden som bestemmer», er omkvedet mellom drakeseglarar.

– Skal me ikkje heller starte med ein oppvarmingstur til Ustaoset, kjem det plutseleg frå Ronny Finsås.

– Med denne vinden er det særs gode høve til å segle austover og ta kveldstoget attende.

Ronny er ein av to attverande fastbuande i det som ein gong var eit jernbanesamfunn her på Skandinavias tak. Han er kokk og lever av å servere turistar mat, men han er òg eventyrar og lever for å segle på vidda. Ingen har fleire kilometer under skia i denne fjellheimen enn han. Det er eg overtydd om. På gode dagar seglar Ronny to gonger frå Finse til Geilo.

Drakane

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement