Reportasje
Nattoget til Kyiv
«Toget til siger», står det på ein gul påklistra plakat i sovekupeen.
Nattoget er klart frå spor nummer fem på den vakre jernbanstasjonen i Kyiv. Flyalarmen har har nettopp gått, og blendingsgardinene vert tekne ned før avgang.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Klokka er 19.00. Toget går frå byen Uzhgorod ved grensa til Slovakia og skal snart klatra over Karpatane og vidare gjennom natta, innover slettelandet mot Kyiv og nærare krigen. Toget har 18 vogner, alle sovevogner, 11 kupear i kvar vogn, to eller fire senger i kvar kupé. Eg har fått den einaste underkøya som er att i vogna. Sjølvsagt var det seng nummer 13. Ukrainarane er meir overtruiske enn dei fleste.
Etter at luftrommet vart stengt då invasjonen kom i februar, har nattoget til Kyiv vorte mytisk. Fleire statsleiarar frå Europa har reist med toget inn til Kyiv for å syna støtte til Ukrainas forsvarskrig mot Russland. Ein invasjon som dei fleste av oss ikkje trudde ville koma – og ein krig som mange av oss trudde Russland ville vinna.
Men etter at europeiske land og USA, og særleg USA, har gjeve enorme mengder våpen til Ukraina, er det Ukraina som no er på offensiven. Kor lenge denne militærstøtta kjem til å vara, veit vi ikkje – det kan halda hardt om industrien i Europa tek til å leggja ned og amerikanarane vert krigstrøytte. I bakgrunnen trugar atomvåpena.
Inne i kupeen min sit ein mann med ein svær bandasje i nakken. Eg helsar og spør kva som har skjedd, men han berre smiler og gjev tydeleg teikn på at han ikkje kan engelsk. Men ute i gangen kjem eg i kontakt med Olha – kalla opp etter prinsesse Olha av Kyiv på 900-talet, dotter av ein vikinghøvding frå dagens Belarus.
Olha, mor hennar, ei lita syster, to hundar og ein katt flykta til Slovakia rett etter invasjonen. No skal ho heim for å ordna praktiske ting, men vil raskast mogeleg tilbake til Slovakia og det vesle husværet dei leiger i ein landsby midt i landet.
Vi vert sitjande utover natta i kupeen til Olha, saman med Eugen, ein ingeniør som er medeigar i eit ukrainsk solcellefirma. Eugen seier han ikkje får sova på tog, Olha vil gjerne prata for å gløyma nervøsiteten, og eg har nok av spørsmål eg vil ha svar på.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.