Reportasje

Neste stopp: verdsrommet

ANDØYA: Satellittane i verdsrommet er vortne så viktige at vi knapt klarer oss utan. Den nye romhamna på Andøya skal tene pengar på romfart, men Forsvaret kan verte ein viktig kunde.

Illustrasjonen viser korleis ei oppskyting av ein bererakett frå romhamna på Andøya vil kunne sjå ut.
Illustrasjonen viser korleis ei oppskyting av ein bererakett frå romhamna på Andøya vil kunne sjå ut.
Publisert Sist oppdatert

Dagen etter at SpaceX har gjort sitt fjerde forsøk på å sende opp den største raketten verda har sett, landar eg på Andenes flyplass på Andøya i Vesterålen.

Utsikta frå flyet har vorte meir spektakulær dess nærmare målet eg har komme. Knallblått hav, små øyar ramma inn av kvite strender, tynt busette grøne grassletter og djupgråe fjell med tindar, blanke tjern og kvite snøflekker. Frå høgda ser jorda ut som den planeten ho faktisk er. Vel nede på jorda vert det opplyst over høgtalaren at nasjonale reglar forbyr all fotografering på flyplassen.

Tryggingspolitikk er ikkje framandt for folk på Andøya. Heller ikkje verdsrommet. Eg har komme hit for å skrive om begge delar.

Vegen opp

På vegen har eg lese ei bok som skal vere ein Sunday Times-bestseljar, The Future of Geography av den britiske journalisten Tim Marshall. Boka er full av setningar som skrik etter å verte siterte. Som at vi menneske no er i ferd med å ta statane, selskapa, historia, politikken og konfliktane våre med opp i verdsrommet. Og at det kan revolusjonere livet nede på landejorda.

Vi lever i astropolitikktida, slår Marshall fast. Og for å forstå astropolitikk, må vi forstå geografien i verdsrommet. Den geografien startar på jorda, og det første vi må gjere, er å finne ein veg opp.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement